Stortingsrepresentant Gunvald Ludvigsen ber om svar frå Finansminister Kristin Halvorsen

Vil finansministeren ta initiativ til at Regjeringa i Revidert nasjonalbudsjett eller seinast i samband med statsbudsjettet for 2009, tilfører det nye NOx-miljøfondet innbetalingane frå NOx-avgifta i 2007 på omlag 1,4 milliardar kroner?

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Stortinget, 28. januar 2008

Stortingets president

Eg vil be finansministeren gje skriftleg svar på følgjande spørsmål:

Vil finansministeren ta initiativ til at Regjeringa i Revidert nasjonalbudsjett eller seinast i samband med statsbudsjettet for 2009, tilfører det nye NOx-miljøfondet innbetalingane frå NOx-avgifta i 2007 på omlag 1,4 milliardar kroner?

Grunngjeving:

Venstre er glad for at styresmaktene og næringslivet er komne fram til semje i NOx-saka og at dei saman har lagt fram ein miljøavtale som erstattar NOx-avgifta i si noverande form. Avtalen inneber mellom anna at den reduserte NOx-avgifta som vert innbetalt, skal plasserast på eit fond og at fondsmidlane skal nyttast til tiltak for å redusere NOx-utsleppa.

I 2007, då NOx-avgifta var kr 15,- per kilo, vart det innbetalt om lag 1,4 milliardar kroner i avgift til staten. Med den reduserte prisen – og tilsvarande utslepp – vil det nye fondet bli tilført om lag 0,4 milliardar kroner årleg; altså berre ca. 1/4 av innbetalingane i 2007. Venstre er skuffa over at Regjeringa ikkje tok steget og overførte 2007-innbetalingane til det nye miljøfondet.

Gunvald Ludvigsen

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**