Fråsegn om Lutelandet

Fjaler Venstre sitt årsmøte sendte eit framlegg til fråsegn om Lutelandet og straumforsyning til Gjøa til fylkesårsmøtet. Fylkesårsmøtet vedtok følgjande ordlyd

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Straum til Gjøa-feltet frå Lutelandet[em]

Fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Venstre krev at olje- og energiminister Åslaug Haga vel Lutelandet framfor Mongstad når ho skal ta endeleg avgjerd om straumforsyning til Gjøa-feltet.

NVE si avgjerd om å gje Statoil-Hydro konsesjon til å forsyne Gjøa-plattforma med straum frå Mongstad er anka. Venstre ber statsråd Haga som ankeinstans å vise distriktspolitisk handlekraft og endre denne avgjerda, i tråd med stortingsvedtaket om å velje Lutelandet.

Dette er ei viktig sak for heile Sogn og Fjordane. Gjøa-feltet ligg 40 km vest for Bulandet og fylket må få sin rettmessige del av godane frå olje- og gassressursane i Nordsjøen. Ved å velje Lutelandet som forsyningsbase av straum til Gjøa, vil det vere eit viktig steg vidare for å utvikle Lutelandet som eit attraktivt område for energi- og industriutvikling i fylket vårt. Miljøomsyn ved linjevalet må tilleggjast stor vekt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**