Snart får vi handlingsplan mot vold i Arendal

Vold i nære relasjonar er temaet for fleire gode og viktige artiklar i Agderposten laurdag 26. januar. Amnesty i Arendal har i fleire år foreslått ein kommunal handlingsplan. I bystyremøtet i august 2007 fekk Venstre gjennomslag for å få laga ein slik handlingsplan, og nå melder rådmannen at arbeidet er kome i god gjenge.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


I eit møte i Arendal Venstre 14. januar kunne saksbehandlarane

Line og Hansen

Foto: Jan Kløvstad

(på bildet Inger Brit Gundersen Line nærmast og Britta Tranholm Hansen) fortelle både Venstremedlemer og Amnestymedlemer om arbeidet. Handlingsplanen vil innehalde gode målsettingar for samordna innsats for informasjon, kunnskap, samarbeid og handling for å hjelpe dei mange som dessverre blir utsett for vold frå overgriparar i nær familie og omgangskrets.

Jan Kløvstad
leiar i Arendal Venstre

Gå inn i arkiv i venstre spalte, finn artiklar om handlingsplan mot vold 15. januar og 15. desember.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**