Resolusjonar vedtekne på årsmøtet i Balestrand 26-27. januar

Det vart sendt ut fem resolusjonar frå årsmøtet. Du finn dei her:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Fråsegner
Sogn og Fjordane Venstre, årsmøte 2008


1. Stopp nedbygging av personvernet!

Venstre vil sloss for at personvernet får sin rettmessige plass i det liberale og demokratiske samfunnet vi alle vil ha!

I følgje "The Privacy and Human Rights Report" for 2007, er Noreg prega av ein "systematisk mangel på sikring av personvernet". Det vil Venstre gjere noko med.

Venstre er det einaste partiet som har teke politisk initiativ til å styrke personvernet i denne stortingsperioden. Vi har mellom anna vore kritiske til NAV-registeret, regjeringa si registreringskåtheit med omsyn til helseopplysningar og EU sitt datalagringsdirektiv.

Regjeringa har i fleire saker vist at ho byggjer ned personvernet. Det kan ikkje Venstre akseptere.

2. Venstre vil ha mangfald, ikkje einfald i høgskuleutdanninga

Sogn og Fjordane Venstre krev at regjeringa avviser Stjernø-utvalet si tilråding om samanslåing av universitet og høgskular.

Folketalsutviklinga i fylket går ned i høve resten av landet. Å fjerne høgskuleutdanninga i Sogn og Fjordane som sjølvstendig eining vil forsterke denne utviklinga. Det vil motverke fylket sin harde kamp for å byggje opp utdanningstilbod som skapar rekruttering til, og utvikling av dei viktige samfunnsinstitusjonane i Sogndal og Førde. I tillegg svekker det kommunane si evne til å konkurrere om avgjerande arbeidskraft mellom anna innanfor helse- og omsorgstenesta og skuletilbod.

Sogn og Fjordane Venstre vil styrke senterutviklinga i fylket for på det viset og skape fleire arbeidsplassar med påfølgjande positive ringverknader for omlandet. Difor vil Venstre utvikle høgskuleutdanninga framfor å sentralisere ho, eller byggje ho ned.

3. Stad skipstunnel — momsfritak

I vurderinga av utbygging og finansiering av Stad skipstunnel, krev Sogn og Fjordane Venstre at anlegget vert friteke frå meirverdiavgift.

Dette vert ei likestilling med fritak for meirverdiavgifta for bygging av vegtunnelar.

4. Nei til ekstraskatt på småkraftverk

Sogn og Fjordane Venstre ber regjeringa oppheve ordninga med grunnrenteskatt på kraftverk under 5 MW installert effekt.

Som følgje av ny skatteordning, sett i verk av regjeringa 10.01.08, må nye småkraftverk mellom 1,5 — 5 MW installert effekt, betale grunnrenteskatt. Ordninga gjeld dei kraftverka som får konsesjonssøknaden sin registrert hjå NVE etter 05.10.07.

Den nye skatteordninga kan føre til at færre småkraftverk vert bygde ut. Dette er uheldig utfrå miljøomsyn då det her er tale om co2-nøytral energi. Ordninga kan òg bidra til å svekke grunnlaget for busetnaden i distrikta.

5. Straum til Gjøa-feltet frå Lutelandet
Fylkesårsmøtet i Sogn og Fjordane Venstre krev at olje- og energiminister Åslaug Haga vel Lutelandet framfor Mongstad når ho skal ta endeleg avgjerd om straumforsyning til Gjøa-feltet.

NVE si avgjerd om å gje Statoil-Hydro konsesjon til å forsyne Gjøa-plattforma med straum frå Mongstad er anka. Venstre ber statsråd Haga som ankeinstans å vise distriktspolitisk handlekraft og endre denne avgjerda, i tråd med stortingsvedtaket om å velje Lutelandet.

Dette er ei viktig sak for heile Sogn og Fjordane. Gjøa-feltet ligg 40 km vest for Bulandet og fylket må få sin rettmessige del av godane frå olje- og gassressursane i Nordsjøen. Ved å velje Lutelandet som forsyningsbase av straum til Gjøa, vil det vere eit viktig steg vidare for å utvikle Lutelandet som eit attraktivt område for energi- og industriutvikling i fylket vårt. Miljøomsyn ved linjevalet må tilleggjast stor vekt.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**