Konspirasjonsteori frå Ingebjørg Godskesen, Framstegspartiet

I følge Arendal Tidende har Ingebjørg Godskesen i Framstegspartiet kome med noen fantasifulle konspirasjonsteoriar i samband med at Anne Solsvik har søkt – og fått – permisjon frå Arendal bystyre fram til 1. november 2008.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Anne Solsvik og Jan Kløvstad i bystyret

Foto: Arild Borg

Godskesen vil ha det til at Venstre har spekulert i å lure inn flest mogleg i driftsstyret: “Når da lille Venstre med to representanter fikk en inn i driftsstyret og samtidig fikk 1. vara til driftsstyret, er jeg sikker på at dette var nøye gjennomtenkt på forhånd. Jan Kløvstad kunne jo ikke bli valgt direkte inn i driftstyret, for det ville likestillingsloven ha stoppet, men de fant altså sin måte å unngå denne loven på, med det resultat at posisjonen nå sitter i driftsstyret/planutvalg med fire menn og en kvinne. Jeg synes det er en merkelig måte å gjøre det på, fremholder Godskesen.”

Dette er direkte feil. Venstre fekk langt fleire stemmer enn Senterpartiet og fekk derfor velje driftsstyre/planutvalsmedlem før Senterpartiet. Venstres siktemål var – og er – at driftsstyret skal ha balanse både mellom kvinner og menn, og også aldersmessig. Altfor mange politiske organ er fylt opp av mannfolk mellom 45 og 65 år, med for få kvinner, for få pensjonistar, altfor få ungdommar og altfor få innvandrarar.

Arendal Venstre er i den lykkelege situasjon at vi fekk valt inn Anne Solsvik, av VG kåra som ein av dei 50 mest talentfulle ungdomspolitikarar i Norge. I VGs store presentasjon var Anne Solsvik faktisk ein av dei 5-6 som fekk mest omtale. Venstre kunne altså tilby bystyret ein av Norges aller mest lovande politikarar i ein sentral posisjon i lokalpolitikken. Vi styrka ungdomsprofilen og kvinneprofilen i driftsstyret.

Venstre foreslo Anne Solsvik i driftsstyret/planutvalet/administrasjonsutvalet. Senterpartiet fekk så siste plassen og valte Kristen Bjormyr. Arbeidarpartiet foreslo at Venstre tok 1. varamedlemsplass for heile fleirtalet, og det takka vi ja til.

Slik blei driftsstyret samansett av ei kvinne og ein mann frå Arbeidarpartiet, ein mann frå Kristeleg folkeparti, ei kvinne frå Venstre (som einaste under 40 år) og ein mann frå Senterpartiet.

Straks etter blei Anne Solsvik valt som leiar i Norges Unge Venstre. Stadig fleire har oppdaga kor dyktig ho er, og stadig fleire vil ha ein del i henne. Dette blir det for stort arbeidspress av, og ho har derfor valt å søke permisjon frram til etter at første år som leiar i ungdomspartiet er over.

Så enkel er heile denne saka. Det er ikkje nødvendig for Ingebjørg Godskesen å dikte opp konspirasjonsteoriar. Mens Anne Solsvik har permisjon og gjer eit glimrande arbeid også i Norges Unge Venstre, skal eg forsøke å skjøtte dei arbeidsoppgåvene ho har permisjon frå i driftsstyret og planutvalet så godt eg kan. Og i tillegg kjem Dega Abdi Aman inn som fast møtande i bystyret og oppvekstkomiteen i same periode.

Jan Kløvstad
bystyremedlem og gruppeleiar i Arendal Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**