I København stemmer bystyret på datamaskinene…

I Københavns borgerrepresentation (bystyret) har kvar enkel bystyremedlem fastmontert datamaskin på pulten, melder Venstres bystyremedlem Jan Kløvstad frå København. Han var i København denne veka, og var gjest hos Københavns teknik- og miljøborgmester Klaus Bondam for å diskutere miljøpolitikk og byutvikling, og blei også invitert som gjest i gjestelosjen i bystyresalen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**

København - møte med data

Foto: Jan Kløvstad

At Arendal er Norges første bystyre med solid arbeid med papirlaust demokrati og etter kvart også avstemming, er heva over tvil. Men når noen hevdar at Arendal er første kommunen i heile verda med elektronisk stemmegiving, er det ikkje riktig.

I bystyresalen i København rådhus er det ei elektronisk lystavle som viser kart over salen med bilde og partitilknytning for kvar enkelt medlem, og det kjem fram eit stort bilde av den som står på talarstolen. Køen til talarstolen står også på lystavla.

Når medlemene skal stemme kjem det fram søyler på lystavla som viser kor mange som har stemt og kven som har stemt kva. Dei som stemmer for eit forslag blir merka med grønt, dei som stemmer mot blir merka med rødt. Og så kan danskane snike seg unna og faktisk stemme blankt.

Sidan det ikkje er lov å fotografere med blitz i bystyremøta i København, er ikkje bildekvalitten vår særleg på skryte av.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 16 år siden.**