Refleksjonar etter budsjettdebatten i Bø kommunestyre

Bø kommune har ein vanskeleg økonomi og Bø kommune er ein kommune i sterk vekst.
Det skaper utfordringar. Desto viktigare at det blir gjort gode og framtidsretta vedtak utan stadige rundkast. Vi opplevde det motsette på siste budsjettmøtet i Bø kommune.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Utbygging av Bø skule blei eit sentralt tema i budsjettdebatten. Fleirtalet — AP/SP/FRP/SV- vedtok å utgreie såkalla oppvekstsenter med barnehage SF0 og 1-4 klasse Breisås.
Det skaper både uro og undring blant mange av oss som var til stades på budsjettmøtet når både ordførar Storhaug og tidlegare utvalsleiar i HSK Tor Johan Hynne i sterke ordelag forsøkte å tilbakevise at det alt ligg på bordet ei utgreiing og ein konklusjon på dette spørsmålet.

Dokumenta taler for seg. Frå arkivet på kommunehuset har vi henta ut følgjande: Høyringsnotat " Framtidig skulestruktur i Bø kommune, høyringsnotat. Hausten 2006. Høyringsfrist 20 desember 2006." Dette dokumentet er behandla i HSK den 23.01.07 og i Bø kommunestyre den 12.02.07. Både eit stort fleirtal av høyringsinstansane og eit samrøystes HSK og eit samrøystes kommunestyre konkluderte med at ein ønskte full utbygging av Bø skule til 3 basisgrupper på kvart årstrinn og totalt 500 elevar. Dette blei gjort ut frå både pedagogiske og økonomiske omsyn. I kommunestyret det 3. sept 2007 var det på ny ei sak ang. utbygging av Bø skule der det på nytt blei samrøystes presisert at skulen skal byggast ut til 500 elevar

Det er vanskeleg ut frå debatt og vedtak i budsjettmøtet i Bø kommunestyre å få klarhet i kva fleirtalet egentleg vil. Vi sit att med spørsmål om fleirtalet ønskjer å pusse opp nåverande lokaliteter ved Bø skule med klimaanlegg osv. eller vil ein bygge ut Bø skule til ein moderne og pedagogisk fullverdig skule som kan ta 500 elevar? Ekstra forvirrande blei det når representantar for fleirtalskameratane, AP/SP/FRP/SV, hevda både at det ikkje var behov for utbygging til 500 og at ein skule på 500 ville bli sprengt i løpet av nokre få år!

Lommebok, penger

I økonomiplanen for Bø kommune 2008 — 2011 blei det vedtatt lagt inn 5 mill. i 2008, 30. mill i 2009 og 10 mill. i 2010 til investeringar på Bø skule. Det er langt frå tilstrekkeleg til å fullføre ei utbygging som er berekna til godt over 70 mill. Så ut frå tala bør det vere klart at det ikkje blir full utbygging men kun oppussing av Bø skule. På tampen av debatten virka det likevel som fleire garderte seg ved å signalisere at dei nok trudde det ville blir utbygging av Bø skule til 500 elevar, til tross for at dei ikkje sørgde for å legge til rette for det gjennom økonomisk avsetningar i økonomiplanen . Ut frå det vi er kjent med, går arbeidet med anbudsdokumenta for full utbygging av Bø skule sin gang til tross for budsjettvedtaket. Vil det skape interesse og konkurranse om anboda hos aktuelle entreprenørar?

La oss tillate oss eit lite tankeeksperiment:
Når anboda kjem inn, bestemmer Bø kommunestyre seg likevel for å gå i gang med den planlagde utbygginga med byggestart i aug 2008. Bra. Men dei økonomiske konsekvensane ved utbygging ligg ikkje inne i økonomiplanen. Bø er ein Robekkommune og har sterke begrensingar når det gjeld økonomiske disposisjonar. Utbyggingstart kan lett måtte vente til fylkesmannen har godkjent budsjett og økonomiplan i for 2009 — 12. Det skjer kanskje i løpet av april/mai 2009. Fleirtalet har i med det seinka utbygginga med nærare 1 år! I mellomtida skal ungar og lærarar slite med dårleg inneklima og uhensiktsmessige romforhold og ikkje minst usikkerhet om kva politikarane i Bø egentleg har lagt opp til: utbygging til ein moderne pedagogisk tilrettelagt skule eller oppussing.

Per Espen Fjeld (V)
Deltakar i budsjettdebatten

Bergit Askildt Myrjord (V)
Tilhørar til budsjettdebatten

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**