Bli med i Venstreskolen med Fred J. Engesæth

Mandag 11. februar kl 1830 er alle Venstremedlemer og andre interesserte velkommen til VENSTRE-skolen, ei interessant kveldsøkt om ideologi, historie og organisasjon. Fred J. Engesæth er ein av dei store berebjelkane i Venstre i Arendal, og var i sine unge år sentral både i eit av Norges største

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Fred J. Engesæth

Foto: Jan Kløvstad

Unge Venstrelag til alle tider i heimbygda Volda, i studentvenstrelaget, som leiar i Oslo Venstre og seinare som bystyremedlem og formannskapmedlem i Arendal, fylkesleiar og mykje meir.

VENSTRE-skolen startar kl 1830, etter at vi har gått gjennom aktuelle bystyresaker frå kl 1730. Jan Kløvstad presenterer Arendal Venstres heimesider og Venstre elektroniske verkstad noen minutt, og så leiar Fred J. Engesæth oss inn i ideologi, historie, samtid og framtid for eit sosial-liberalt Norge.

Neste steg er at vi saman med resten av Venstrelaga i Vestfold, Telemark og Agderfylka kan sende deltakarar på VENSTREskolen trinn 2 i Porsgrunn 1.-2. mars.

Meld deg på til sekretær Anne Marit Tørå straks, [email protected]. Så veit vi kor mykje kaffi og te vi skal koke. VENSTRE-skolen i Arendal er gratis!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**