Alle påmeldingar vert å sende elektronisk til fylkessekretær Linda Ness Rotihaug som ordnar rombestilling på hotellet.
Lokallaga sender namn og e-post adresser til delegatar og om delegatane ønskjer enkeltrom eller om nokon deler dobbeltrom. Reise- og opphald må lokallaga stå for.
Pris Kviknes Hotel: Kr. 945,- pr person i dobbeltrom inkludert heilpensjon.
Kr. 1145,- pr person i enkeltrom inkludert heilpensjon.
Med omsyn til rombestilling ber vi om påmeldingar innan tysdag 21. januar.
Dersom vi ikkje får e-post adresse til delegatane, lyt kontakten i laget formidle programmet vidare. Vi vil be delegatane ta med programmet på fylkesårsmøtet.
Vi sjåast i Balestrand!
Spørsmål kan rettast til Linda på tlf. 95 94 91 56
Med helsing styret i Sogn og Fjordane Venstre