Sakliste:
1730-1800 Inger Brit Line og Brita T. Hanssen orienterer om arbeidet med handlingsplan mot vold i nære relasjonar i Arendal. Amnesty i Arendal har arbeidd lenge med denne saka, og Venstre hadde interpellasjon i bystyret i august 2007 for å få bystyret til å gi administrasjonen klarsignal om å starte arbeidet. Nå skal eit forslag opp til behandling i omsorgskomiteen 17. januar. sakspapiret blir etter kvart lagt ut på www.arendal.kommune.no – politiske saker – omsorgskomiteen, og eg vil også legge det ut på www.arendal.www.venstre.no. Amnesty i Arendal blir også invitert til gruppemøtet.
1800-1900 Politiske saker til eldrerådet, bystyret, driftsstyret, planutvalet, komiteane for omsorg, oppvekst og kultur-miljø-næring.
1900 må bystyremedlemene våre møte resten av fleirtalskonstellasjonen for samordning og utveksling av synspunkt, men resten av Venstremøtet kan gjerne fortsette!
Beste helsing
og vel møtt
Jan Kløvstad
gruppeleiar