Informasjonsbrev 01/08

Kvart månadsskifte vil Voss Venstre prøva å koma ut med litt informasjon til medlemer og sympatisørar. No er nr. 1 i 08 sendt ut på E-post, og blir også lagt ut her på heimesida.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


INFO.BREV NR 1/08 03.01.08
Vi ønskjer alle Venstremedlemmer og — sympatisørar eit godt nytt år! Velkomen til kontakt og innspel om politiske saker og arbeidet i laget!

Desember var ei travel tid for Venstre sine tillitsvalde og representantar i kommunale styre og utval. Sentralt stod arbeidet med budsjett.

Venstre føreslo eit budsjett med ein del endringar i høve til rådmannen sitt framlegg. Eit hovudpunkt var å ikkje endra skulestrukturen gjennom budsjettvedtak. Men dette, og dei konkrete talforslaga elles, fekk dessverre lite støtte. Fleirtalsframlegga frå Ap, Sp og SV blei vedtatt. Dei fleste verbale eller utgreiingsframlegg frå andre parti blei oversende ei nyoppretta "økonomiarbeidsgruppe".

Denne arbeidsgruppa skal først vurdera korleis ei uspesifisert nedskjering på 4.7. mill på skulebudsjettet skal dekkast inn. Dvs. i praksis gjennom endringar i skulestrukturen. Fleirtalsgruppa fekk her støtte av Høgre og Framstegspartiet. Gruppa hadde sitt 1.møte 20.des. — med tilhøyrande store oppslag i"Hordaland". Sjå her og kommentar frå Torstein G. i Hordaland for 3. jan. — eller på heimesida vår: Venstre.no/Hordaland/Voss. Neste møte i arbeidsgruppa er 9.jan.. Skulestruktursaka er planlagt behandla i FPL 24. jan. og i KST 31.jan.

Uttale om eit opplærings- og øvingsområde for snøskuterar i Tverbergsdalen m.v. var ei anna sak i KST 13. des. Etter at eit V-framlegg om utsetjing fall, støtta fleirtalet i KST framlegget frå fylkesmannen om å oppretta dette. Men Venstre delte seg, 2 støtta og 1 gjekk mot.

Elles var det litt forstemmande å oppleva den kompakte enighet i fleirtalsgruppa Ap, Sp og SV, når det galdt å stemma ned framlegg frå mindretalspartia!

Dette galdt ikkje val av medlemmer til mange arbeidsgrupper og styre, der valnemnda hadde kome fram til semje. Rigmor Onarheim er medlem i takstnemnda for fast eigedom, Kristian Østrem medlem i styret for Voss folkehøgskule, Rolf Abrahamsen styremedlem i Voss klekkeri og i styret for matlaboratoriet, Kai Hysing held fram i representantskapen for Indre Hordaland miljøverk, mens Jon Arvid Himle går inn i styret for Prestegardsmofondet etter Kai Hysing. Knut Olav Nestås, Torstein Gunnarson, Annlaug Helland, Ola Gaukstad, Kåre Ulvund og Odrun Vellene Vevatne har varaplassar i diverse utval. (Fullstendig liste kjem seinare på heimesida.)

I januar har elles utval for levekår møte den 15., utval for miljø og kultur 24. og utval for næring og tiltak 29.. Kombinert gruppe- og styremøte med KST-saker er 29. jan,kl. 19.30!

Elles blir det styremøte no i veke 2. Ta kontakt med Kristian Ø. om event. drøftingstema..

Beste helsing
Kristian Østrem, leiar Torstein Gunnarson , gruppeleiar kom.styret.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**