Skulestrukturdebatt i Voss igjen!!

2008-budsjettet for Voss inneber store nedskjeringar på dei fleste tenestene. Og på skulebudsjettet står det eit stort uspesifisert kutt. Første møtet i ei *arbeidsgruppa som skal konkretisera nedskjeringane, les føreslå skulenedleggingar, medførte store overskrifter i lokalavisa «Hordaland». Voss Venstre har ein kommentar i avisa torsdag 3. jan.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


«Legg ned alle skulane i sentrum»
var den oppsiktsvekkjande 1.sideoverskrifta i «Hordaland» 22. desember, og som foreldre har henvendt seg til meg om. Overskrifta knyter seg til første adrøfting i ei arbeidsgruppe som kommunestyret i Voss sette ned i samband med budsjettvedtaka før jul. Møtereferatet refererer også andre drastiske «forslag» til endringar i grunnskulane i Voss. Men på slutten av referatet kjem det fram at det er visse alternativ som skal greiast vidare ut.

Arbeidsgruppa skulle drøfta skulestrukturen, i og med at fleirtalsvedtaket for 08-budsjettet innebar ei relativt stor uspesifisert nedskjering på skulebudsjettet. Gruppa gjekk gjennom 2 rapportar frå 05 og 06 med gjennomgang av noverande grunnskular, og med ulike alternativ for samanslåingar og nedleggingar. Desse rapportane var bakgrunnsmaterialet for eit kommunestyrevedtak i juni 06 som la fast prinsippa for arbeid med ein framtidig skulestruktur.

I arbeidsgruppemøtet 20. des. blei ulike alternativ i rapportane kort gjennomgått, og ulike føresetnader og konsekvensar drøfta. Denne drøftinga bar i stor grad preg av klargjering og «høgttenking».

Men avisreferatet frå arbeidsgruppemøtet kan gi inntrykk av at representantar/parti i stor grad har bestemt seg for visse endringar i skulestrukturen. Dette var ikkje mitt inntrykk. Og mine kommentarar i drøftingane kom i høve til alternativ i rapportane eller innspel i møtet.

For Venstre er det sjølvsagt — som eg også gav klart uttrykk for i møtet — ikkje noko endring i synspunkta lagt fram i budsjettdebatten; nemleg ingen nedleggingar o.l. gjennom kjappe budsjettvedtak. Venstre meiner at eventuelle einskildtiltak skal koma opp «som eigne saker i kommunestyret», slik kommunestyret vedtok i juni 06. Dvs. etter nærmare utgreiing med m.a. innhenta meining frå foreldre og samarbeidsutval.
Torstein Gunnarson, Voss Venstre

*(Arbeidsgruppa er sett saman av FPL og repr. for parti utan medl. i FPL + hovudtillitsvalde)

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**