Venstre har tillit til politiet

Arendal Venstre stiller seg fullstendig uforståande til den kritikken mot politiet i Arendal lokallagsleiar og bystyremedlem Gjermund Bjørndahl Røysland gjentatte gonger
har kome med i media. Politiet i Arendal gjer eit godt arbeid. Vi lyttar til politiet, og vil framleis følge dei råd politiet gir oss i politiske saker politiet uttalar seg om, skriv Jan Kløvstad.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Politi

Foto: Venstre

Vi synest det er heilt merkverdig at ein bystyremedlem kan uttale seg så skråsikkert om saker og hendingar som det Gjermund Bjørndahl Røysland gjer. Og når ei sak i tillegg har vore gjennom rettsapparatet, bør vi ha tillit til dei vurderingane som er gjort både av politi og rettsapparat.

Politiet kan ikkje forsvare seg i enkeltsaker. Politiet har teieplikt og kan ikkje gå inn i detaljdebattar. Det er ingen grunn til å så mistillit om kvaliteten i det arbeidet som blir gjort av politiet i Arendal. Tvert om er det god grunn til å rose vårt lokale politi for å gjere eit godt arbeid.

Før Bjørndahl Røyslands innlegg kom i avisene hadde Arendal Venstre foreslått at politiet skal inviterast til å orientere alle bystyremedlemene 17. januar om arbeidet sitt for å gjeer Arendal til ein tryggare by. Vi trur det kan vere klokt å lytte til det politiet har å seie.

Jan Kløvstad
leiar i Arendal Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**