29.mars neste skuleringstilbod

Siste laurdag i kvar månad blir det seminar på Venstres Hus i Oslo for alle interesserte medlemmer

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

V-Benken

Foto: A.Hovstø

Kalender for Venstre sine laurdagsseminar våren 2008
29. Mars: Venstre-skulen 1 for kurshaldarar
Venstre har utvikla ein Venstreskule i fire trinn. Trinn 1 er rekna for nye medlemmer og for dei som ønskjer å bli meir aktiv. Er du interessert i å bli kurshaldar for trinn 1 i ditt fylke, bør du melde deg på laurdagsseminaret 23.februar eller 29.mars.
Tid: Kl.12-16
Stad: Venstres Hus
Påmeldingsfrist: 24.mars.
26. April: Slik kjem du i media
Veit du kva du skal gjere for å kome i media? På dette kurset får du alle triksa. Det blir praktisk undervisning med Venstre sine beste medierådgjevarar på Stortinget.
Tid: Kl.12-16
Stad: Venstres Hus
Påmeldingsfrist: 21.april.
31. Mai: Kampanjar og aksjonar frå A-Å
Kampanjar og aksjonar er undervurderte arbeidsformer i Venstre. På dette kurset lerer du kva saker som eigner seg for kampanjeverksemd, og korleis eit lokal- eller fylkeslag kan gjennomføre ein kampanje eller aksjon frå A til Å.
Tid: Kl.12-16
Stad: Venstres Hus
Påmeldingsfrist: 26.mai.
27. September: Informasjons- og kommunikasjonsarbeid lokalt
Kva er godt informasjons- og kommunikasjonsarbeid lokalt? Kva bør ein bruke energien på? Kva bør ein ikkje prioritere? Dette kurset er skulering i alt frå intern kommunikasjon til eksternt pressearbeid.
Tid: Kl.12-16
Stad: Venstres Hus
Påmeldingsfrist: 22.september.
25. Oktober: Budsjettseminar for folkevalde
I desember er det budsjetthandsaming i kommunane. På dette seminaret får folkevalde skulering i budsjettarbeid. Spørsmål du vil få svar på er: Korleis fremje endringar på eit budsjett? Korleis kan Venstre lage sitt eige alternative budsjett? Korleis kan budsjettet få ein tydeleg Venstreprofil? Korleis får ein media til å skrive om Venstre sine meiningar om budsjettet?
Tid: Kl.12-16
Stad: Venstres Hus
Påmeldingsfrist: 20.oktober.
29. November: Venstre sin informasjons- og marknadsføringsstrategi Val09
Det er mindre enn eit år til neste stortingsval. På dette kurset får du kunnskap om informasjons- og marknadsføringsstrategien til Venstre i valåret 2009, og du vil få gode idear til kva ein kan gjere lokalt.
Tid: Kl.12-16
Stad: Venstres Hus
Påmeldingsfrist: 24.november.
Påmelding til laurdagsseminara sendar ein til [email protected]. Dersom eit seminar passerar deltakargrensa på 25 gjeld prinsippet om førstemann til mølla.
Ved denne e-posten finn du ein oversikt som viser kva tema som skal opp på dei ulike laurdagsseminara neste år. Mellom anna er det folkevaldskulering 26.januar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**