Medlemsbrev frå fylkesleiaren

Så er det tid for å skrive nokre ord igjen. Det har vore ein hektisk haust, noko som har spegla seg i manglande brev frå fylkesleiaren. Men no kjem eit heilt “på tampen”, skriv fylkesleiar Sølvi Merete Mangerøy.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Etter valet har det gått slag i slag med andre oppgåver. Både politiske verv og ny jobb og familie. Det er vel slik for dei fleste av oss hobby-politiakarar. Det skal gjerast ein jobb i tillegg til alt anna. Det er det som pregar oss venstrefolk. Me er samfunnsengasjerte på mange måtar, typisk dugnadsfolk! Det er ei hedersnemning ☺ Eg vil gratulera og takka alle som har fått, og teke på seg verv på vegne av Venstre. Å vera ombodsperson er ei viktig rolle i lokaldemokratiet!

I kommunestyret hjå oss, har me akkurat vedteke budsjett for 2008. Ikkje ulikt det mange andre har jobba med. "Det har aldri vore så høge overføringar til kommunane" vert sagt frå regjeringa. Det er sikkert sant. Men som det stod i budsjettdokumentet vårt "Veksten i rammetilskot og skatt er langt frå stor nok til å dekka forventa pris- og lønsvekst i 2008" Regjeringa fører ein politikk som et opp overføringane og vel så det. Den lokalpolitiske handlefridomen er ikkje betre enn tidlegare, snarare tvert om. Det er som kjend ikkje berre overføringane som har auka. Lovpålagde oppgåver har også auka, utan at det føl tilstrekkelege midlar med. Det kjennest som det er kommunane som ber ansvaret for at regjeringa skal innfri lovnadane i "Soria Moria-erklæringa", utan at det føl midlar med. Standardsvaret frå regjeringa når ein vert konfrontert med løfter som ikkje vert innfridd er :"det er det kommunane som må ta ansvar for. Det har aldri vore så store overføringar " Ein innpakka måte for ansvarsfråskriving, spør du meg. Det vart sagt i vårt kommunestyre at ordføraren burde reisa til Oslo og få regjeringa (si eiga) til å investera i det sikraste fondet, nemleg kommunane. Eg hadde stor sans for den definisjonen. Det er i kommunane folk lever og virkar. Det er her tenester trengs og det er her verdiskaping skjer! Me treng ei satsing på kommunane!

No har eg snart lagt bak meg eit år som fylkesleiar. Det har vore eit aktivt og spennande år. Eg har lært mykje, og hatt ein velfungerande organisasjon rundt meg. Det har vore krevjande og kjekt. Mykje kunne eg nok gjort betre og noko har gått greitt. Eg er glad eg vart fylkesleiar i eit lag der me har sekretær som er tilsett. Torhild gjer ein strålande jobb. Ho svarar alltid når nokon spør, anten det er publikum som tek kontakt eller det er nokon av oss medlemmer som treng svar på noko. Me har også hatt eit styre som har jobba bra. Det har vore godt for meg som fersk leiar å ha eit styre med lang erfaring og stor kompetanse.

Me går snart inn i 2008 – eit mellom-val- år. Er ikkje så hektisk som eit val-år, men valkamp er det heile tida. Hald programma de gjekk til val på i haust høgt! Vis at dei er høgaktuelle sjølv om det ikkje er valkamp! Det er no me skal jobba for å innfri det me lova når me stod på stands og deltok i debattar. Venstre sine program innbyr til handling og skal vera meir enn prat og kulepunkt i ein valkamp!
Adventida/ventetida er snart over. Om nokre dagar syng sølvgutane jula inn og me kan tenka at jula kom i år også, sjølv om me kanskje ikkje har fått gjort alt me hadde tenkt. Mi ventetid er litt lengre i år. Eg ventar på 01.01.08. Då har eg termin med ein ny liten borgar. Så når eg treff mange att, er det forhåpentligvis med eit under på armen og tittelen "firebarns-mor."
Eg vil ynskja alle ei fredfull og god julehelg med mange opplevingar, og alt det beste for det nye året me har i vente!

Beste helsing
Sølvi Merete Mangerøy
Leiar i Hordaland Venstre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**