Årsmøtet er i Hønefoss 1. og 2.februar

Buskerud Venstres årsmøte blir på Quality Hotel Ringerike i Hønefoss. Alle konstituerte lokallag kan sende delegatar, og vi voner så mange som mogleg tek turen. Vi oppmodar alle om å køyre kollektivt eller å køyre felles med nokon andre.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Årsmøtet startar fredag 17.30 med registrering, litt kaffi og småmat. Møtet skal vere ferdig laurdag kl 16.oo.

Fullmaktskjema skal fyljast ut og takast med på årsmøtet.

Sakliste
1. Opning og konstituering
Møtedirigentar- fullmaktsnemn- referentar — tellekorps — underskrivarar møteprotokoll- redaksjonskomité
2. Rapport organisasjonskomiteen.
3. Årsmelding 2007 Fylkestingsgruppa
4. Fråsegner. Presentasjon
5. Årsmelding 2007 Buskerud Venstre
6. Rekneskap 2007
7. Vedtektsendringar
8. Generell politisk debatt.
Innleiing v/Trine Skei Grande, nestleiar venstre
9. Valkampen 2007
10. Valkamprekneskapen
11. Årsplan 2008
12. Kontingent
13. Budsjett 2008
14.Val.
15. Innkomne saker

Endeleg framlegg til sakliste og program blir fastsett av AU 19. januar og sendt laga 21. januar.

Frist for påmelding: 15. januar. Innan denne fristen må laga melde på tal delegater. Utsendingar skal veljast på årsmøte eller medlemsmøte i lokallaga. Delegatane må ha med fullmaktskjema underskrive av leiar og sekretær i lokallaget. Så snart laga er kjent med kven som møter som delegatar, ber vi om at namn blir meldt til Anne Marit Lillestø på [email protected].

Fullmaktskjema

Helsing
Buskerud Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**