Avisinnlegg frå Råmund Nyhammer, leiar i Balestrand Venstre

Skatteskjerpinga for småkraftbransjen er dårleg miljø- og distriktspolitkk

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Småkraftbransjen reagerer sterkt på dei varsla endringane i skattereglane for kraftverk. Det er særleg det nye innslagspunktet for skattelegginga som opprører. Regjeringa sitt argument for å senke innslagspunktet frå 5500 kVA (ca. 5 MW) til 1500 kVA (ca. 1,5 MW) installert effekt er å hindre at anlegg som ut frå naturgitte forutsentningar kan yte i overkant av 5500 kVA vert redusert til under denne grensa i den hensikt å sleppe unna grunnrenteskatten. Ein vil med andre ord hindre at ein del anlegg vert skattetilpassa og såleis ikkje vert utnytta maksimalt.

NVE har i ei kartlegging av eksisterande og planlagde småkraftverk funne at ein vil ha eit bortfall av ca. 500 GWh dersom samtlege prosjekt mellom 5 og 8 MW vert reduserte til 5 MW for å tilpasse seg dagens skattereglar. Ut frå regjeriga sitt forslag til nytt innslagspunkt vil det for kraftverk mellom 1,5 og 3 MW lønne seg å redusere til 1,5 MW. Dette vil føre til eit bortfall av ca. 2000 GWh. Tapet i energiproduksjon kan såleis verte langt større med dei føreslegne skattereglane enn kva tilfelle er med dagens reglar. Dette er dårleg miljøpolitikk. (Opplysningane om NVE si kartlegging er henta frå eit notat som Småkraftforeningen har laga saman med ein del småkraftselskap. Notatet finn ein på www.smaakraft.no)

I Balestrand kommune vart det for nokre år sidan starta opp eit kraftverk på ca. 3 MW. Kraftverket er eigd og vert drive av nokre få grunneigarar. Vidare er det under planlegging ei rekke nye småkraftutbyggingar. Til liks med Balestrand vert det i mange andre distriktskommunar satsa mykje innan småkraftnæringa. Grunnrenteskatten skal svarast av berekna inntekter basert på løpande salg i spotmarknaden. Ein del småkraftanlegg sel krafta til ein fastpris som ligg under den omtala spotmarknadsprisen. I desse tilfella vert grunnrenteskatten berekna ut frå inntekter ein ikkje har! Det er all grunn til å frykte at dei nye skattereglane dempar lysten til nyetableringar innan småkraftnæringa rundt om i distriktskommunane. Dette er ikkje berre dårleg miløpolitikk, men også dårleg distriktspolitikk.

Landssamansluttninga av Vasskraftkommunar (LVK) er i hovudsak positive til regjeringa sitt skatteforslag. Slik vi tolkar det, trur LVK ukritisk på regjeringa sine intensjonar og såleis ein større skatteingang til kommunane. Faren er, som vi har vore innom tidlegare, at resultatet av skatteendringane kan vise seg å bli det motsette av regjeringa sine intensjonar.

Senterpartiet har klart singnalisert at dei er imot dei nye endringane i skattereglane for kraftverk, men dei har måtte bøye av for Ap og SV. Utsegner frå lokale og sentrale Sp-representantar tyder på at partiet ønskjer omkamp i samband med revidert nasjonalbudsjett til våren. Balestrand Venstre har same syn og ønskje som Senterpartiet. Vi oppfordrar derfor til eit breitt og sterkt press inn mot regjeringa i denne saka. Utfrå miljø- og distriktsomsyn må målet vere at småkraft faktisk vert bygd ut.

Balestrand Venstre
v/ leiar Råmund Nyhammer

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**