Årsbudsjett og andre viktige saker i bystyremøtet 13. desember

Årsbudsjett 2008 og handlingsplan 2008-2011 er den største og viktigaste saka i bystyremøtet 13. desember. Frå Venstre møter Jan Kløvstad og varamedlem Sanjin Salahovic, som debuterer i bystyret i Anne Solsviks fråver. For Venstre er det viktig at

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


budsjettet har ein god miljøprofil, at skolerenovering er prioritert, at vi har fått dei andre fleirtalspartia med på å halde fram med 8 kr pr innbyggar til Friluftsrådet Sør, at omsorgsløna blir auka, at det frivillige kulturlivet får auka støte, at fritidsklubbane i oppvekstområda får 1,3 millionar meir, at den såkalla kulturhusmillionen (avgrensa underskotsgaranti for det frivillige kulturlivets arrangement i Arendals kulturhus) og dei mange gode festivalar og andre arrangement får auka støtte.

Venstre har valt å prioritere å starte renoveringa av Stuenes og Roligheden skolar i komande periode, og med det utsett Asdalhallen og Tromøyhallen. Idretten i Øyestad og på Tromøy treng hallane, men vi meiner skolerenoveringa er så nødvednig at denne må gå først. Fleire rom på Roligheden skole er nå stengt av brannvesenet.

I neste budsjett vil Venstre prioritere satsing på lærarane, på INNHALDET i skolen. Vi går inn i eits amarbedi med foreldreutvala og læraraorganisasjonane for å få fram gode idear til utviklinga av ungdommen vår til landets beste elevar. Vi varslar også fleire miljøtiltak i stadig fornya og forbetra klimaplan, med klare føringar i 2009-budsjettet neste haust.

Andre saker 13. desember

Strømmen oppvekstsenter – renovering/utbygging.
Vi venhtar eit samrøystes positivt vedtak om å godkjenne utbyggingsplanane innanfor ei ramme på kr 121.700.000. Venstre merkar seg også med glede at det blir lagt vekt på inneklima, universell utforming, vannbåren varme og føringar for ekstern tilknytning til fjernvarme (biobrensel). Strømmenutbygginga gir også 28 nye barnehageplassar.

Canal Street – søknad om tilskot/lån
Vi ventar eit fleirtalsvedtak på lån inntil kr 750.000 når revidert rekneskap for årets festival og budsjett for 2008 er lagt fram.

Griegfestivalen
Også her er det behov for meir støtte, men festivalen klarer seg med oppsparte midlar i 2008. Frå og med 2009 går Venstre og fleirtalet i komiten for kultur, miljø og næring inn for kr 300.000 i årleg tilskot.

Interkommunalt brannvesen for Østre Agder
blir nok også vedtatt samrøystes, med Arendal, Froland, Åmli, Tvedetsrand, Vegårshei, Gjerstad og Risør som samarbeidskommunar, noenlunde etter same modell som legevaktsamarbeidet.

Svømme- og badeland blir ei stor sak,
og nå er det også planar på Tromøya. Venstre seier klart nei til badeland på Tamburodden/Eidet, og vil kome med forslag om å finne fram til beste måte å restaurere det verdfulle kulturminnet som både vannvegen Rånakanalen og vintervegen på land langs kanalen er. Og “Forøvrig er det vår mening at Eidet/Tamburodden skal være boligområde til evig tid.”

Eydehavn Vekst
blir namnet på nytt aksjeselskap for utvikling av næringsareala som blir liggande i bakkant av den nye hamna på Eydehavn. Venstre foreslår Marianne S. Lyngvi som varamedlem til styret. Marianne S. Lyngvi har solid bakgrunn både politisk, i leiande stillingar i Høgskolen i Agder/Agder Universitet, som styremedlem i stiftelsen Yme og nå også Arendals fossekompani. Ho var med i female Future, leiar- og styreutdanning i regi av NHO på Sørlandet.

Handlingsplan psykisk helse og rus
Kommunens fagfolk arbeider med ein omfattande plan for psykisk helse og rus, ein plan omsorgskomiteen har det politiske arbeidet med. Også den store saka om tiltak for bustadslause er ein del av det same store og viktige sakskomplekset. Bystyret er invitert til både å finne straksløysingar for komande vinter og å utgreie langsiktige løysingar. Sjå meir her.

Bystyret skal sjå på ein statusrapport for prosjektet “Heltid-deltid”, eit viktig prosjekt som Venstre i si tid tok initiativet til tidleg i forrige bystyreperiode. Utviklinga så langt viser at det er stadig færre som har under 40% stilling og stadig fleire har fått over 80% stilling. Dette er gledeleg!

Følg med på bystyremøtet på video frå PC-en din, eller aller helst: kom på møtet torsdag kl 1000

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**