Mandrup Hovland æresmedlem i Tysvær Venstre

Etter å ha vore aktiv i politikken sidan 1965 avslutta Mandrup Hovland si politiske karriere i haust. Han har representert Venstre samanhengande i kommunestyret sidan 1968. Han har vore ordførar i kommunen i tilsaman 6 år, i tillegg til at han har vore varaordførar og medlem av er rekke råd og utval.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Mandrup Hovland mellom John Leiv Dahlseng og Gunnar Kvassheim

Mandrup Hovland mellom John Leiv Dahlseng og Gunnar Kvassheim

Mandrup Hovland har og vore aktiv i fylkespolitikken og 1.kandidat for Rogaland Venstre ved Stortingsval.

Samstundes med dette har han hatt eit svær aktivt yrkesliv som distriktsveterinær. Noko som heller ikkje alltid innebar ein vanleg 8 timars dag.

Då han fyrste gong blei vald inn i kommunestyret hadde han 5 barn i alderen 0 — 8 år.

Slik sett er det ikkje berre hans innsats det står respekt av, men og kona Ingebjørg som nok i stor grad har stått for "heimstyringa".

Mandrup Hovland har vore den mest markante politikaren i heile Tysvær kommune sin historie, og vil i uoverskueleg framtid og vere det.

I si tale under markeringa av utnevninga var det dette leiar av Tysvær Venstre John Leiv Dahlseng la vekt på.

I si helsingstale sa stortingsrepresentant Gunnar Kvassheim at Mandrup Hovland ikkje berre har hatt ei hånd på styret i det som har skjedd i Tysvær, men har hatt to solide grep på rattet. Gunnar Kvassheim helt fram den utrulege rolla Mandrup har hatt for Tysvær kommune si utvikling. Både den politiske rolla og virke som veterinær står det svært stor respekt av.

Gunnar Kvassheim brakte og vidare gratulasjonar og honnør frå leiar i Venstre Lars Sponheim og leiar i Rogaland Venstre Helge Solum Larsen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**