Venstre med spørsmål om heimetenestene

I samband med kommunestyret sin spørjetime 11. november, stilte Venstre v/Gudmund Solheim eit grunngjeve spørsmål om heimetenestene i ytre Fjaler og Guddal — og om ordføraren ville ta initiativet til å opprette ei nemnd for å greie ut om lik heimehjelpsteneste i kommunen. Les meir om bakgrunnen for spørsmålet – og svaret frå ordføraren.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Ordførar!

Frå tilsette, pårørande og brukarar av heimetenestene i Fjaler, har vi ved fleire høve blitt gjort merksame på at omfanget av desse tenestene er ulike — alt etter kvar du er busett i kommunen. Særleg vert det peika på at hjelpetrengande brukarar i ytre Fjaler og i Guddal står utan tilbod om heimetenester verken på kveldstid, om nettene, eller i helgane.
Fjaler Venstre er uroa over dette. Vi meiner det må vere på sin plass å gripe fatt i problemstillingane politisk — og at vi i fellesskap freistar å sjå om det er praktisk og økonomisk mogeleg å få til like heimetenster i kommunen vår.
Til dømes vil det vere naturleg at Fjaler kommunestyre vel eit arbeidsutval samansett av politikarar, administrasjon og representantar frå dei tilsette — som får i oppdrag å vurdere organiseringa av heimetenstetilbodet, og som kjem med mogelege framlegg til betre løysingar – innafor realistiske økonomiske rammer.

1. Delar ordføraren uroa vår?
2. Er ordføraren samd i at det må gjennomførast ei vurdering av heimetenstene i kommunen?
3. Vil ordføraren ta initiativ til – og førebu som sak for kommunestyret val av ei arbeidsgruppe med tilhøyrande mandat og arbeidsoppgåver?

Ordførar Arve Helle gav følgjande svar
Vedrørande spørsmål i spørretimen ang. heimetenester

At omfanget av tenestene er ulike alt etter kor ein bur i kommunen skulle ikkje komme som ein overraskelse på nokon — aller minst politikarane.

I retningslinene og tildelingskriteriene for heimebasert bistand og omsorg som kommunestyret vedtok saman med Plan for Bio 10 05 05 står det
"for brukarar med omfattande hjelpetrong, trong for omfattande medisinsk pleie, og der det er stor avstand til hjelpetenestene, vil ein til vanleg tilby tenestene i omsorgsbustad eller i sjukeheim (som langtidsplass eller korttidsplass).
Det står vidare at under vurdering av søknad, omfang av tenester og val av hjelpeform, skal særleg vektleggast:
"— avstand til hjelpeapparat, slik at søkjarar som ikkje bur i sentrum og har trong for dagleg tilsyn og tenester, må ta i mot tenstene i omsorgsbustad".
Ved tildeling av omsorgsbustad og tildeling av sjukeheimsplass står det:
" søkjarar som bur utanfor sentrum skal prioriterast når hjelpetiltaka vert betydelige"

Likevel

Nødvendig helsehjelp må BIO yte om det er kveld eller helg. Difor rykker heimetenestene ut på oppdrag når det er nødvendig. Men planlagde tiltak prøver ein å unngå på kveld og helg sidan ein ikkje er bemanna for dette.

Situasjonen pr. i dag er likevel slik at vi av ulike årsaker har tre faste pasienter som mottek heimetenester både på kveld og helg. Desse bur alle på stader der vi i utgangspunktet "ikkje skulle ytt tenester".

Faste tilsyn av nattevakt greier vi ikkje å gje utanfor Flekke med mindre det er terminalpleie.

Årsaka til at ein greier å gje tenester på kveld og helg utanfor Solheimskrysset, er i stor grad takka vere omorganiseringa. Ein samarbeider meir på tvers av tenester og når ein MÅ ta oppdrag utanom sentrum vert konsekvensen at ein "tek" av ressursane til andre brukergrupper (bebuarane på sjukeheimen eller menneske med psykisk utviklingshemming)
Uansett går det ut over nokon fordi vi ikkje er bemanna for å skulle gje dette tilbodet.

Som eit tilleggsmoment er det viktig å få fram at for pasienter i Dale/Flekke området er terskelen for å få sjukeheimsplass eller omsorgsbustad veldig høg. Dette opplevest ikkje særleg rettferdig for dei når det er desse tenestene dei ynskjer seg. Det som vert sett på som ein fordel for nokon vil for andre vere ein klar bakdel.

Ein må gjerne utrede om det er mogeleg å gje meir tenester i ytre Fjaler og på Guddal, men dersom intensjonen er å gjere det innanfor eksiterande rammer er det på kanten til å vere respektlaust ovanfor dei som yter tenestene og som i dag strekker seg til det ytterste. Det er min påstand at BIO driv svært kostnadseffektivt og at det er ikkje er meir å hente ut frå eksiterande ressurser.

Eg vil minne om at det er ikkje meir enn tre månader sidan kommunestyret hadde ei grundig evaluering av BIO. Eg kjem difor ikkje til å ta noko initiativ til å setje ned ei gruppe som skal gå gjennom desse tenestene no, men er sjølvsagt lydhøyr dersom eit fleirtal i kommunestyret skulle meine noko anna.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**