Kan ikkje rasera nærsjukehuset

– Eit sjukehus utan senger er ikkje eit sjukehus, seier Venstres Gunvald Ludvigsen. Han reagerer kraftig på at helse-føretaket legg ned sengeposten ved nærsjukehuset i Florø. – No er det helseminister Brustad som avgjer framtida til sjukehuset, seier han.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Helse­føretaket i Sogn og Fjordane har vedteke å kutte sengeposten ved nærsjukehuset i Florø. Det er den vanskelege økonomien som er ei viktig årsak til nedlegginga. Det var helseminister Dagfinn Høybråten som i eit føretaksmøte i 2003, avgjorde at Helse Førde skulle ha eit nærsjukehus i Florø.

 - Det er lite fornuft bak raseringa av nærsjukehuset i Florø, seier Ludvigsen.

– Det er lite fornuft bak raseringa av nærsjukehuset i Florø, seier Ludvigsen.
Foto: Rune Kongsro

Dårleg løysing
– Det er lite fornuft bak raseringa av nærsjukehuset i Florø, og det er heller ikkje i samsvar med regjeringa si Soria Moria-erklæring. Den slo som kjent fast at ingen lokalsjukehus skal leggast ned, seier Ludvigsen.

Han har no skrive brev til helseministeren. Han spør Brustad om ho vil "syte for at det nasjonale pilotprosjektet som nærsjuke-huset i Florø representerer, får eigne ressurser slik at prosjektet kan utviklast og gjennomførast etter dei opphavelege intensjonane".

– Eg tolkar svaret hennar dit at dette er ei sak som må på bordet til statsråden, dersom Helse Vest slutter seg til dette, seier Ludvigsen.

Uklare rammer
Etter omlag ei års drift gjorde SINTEF ei evaluering (2006) av drifta ved nærsjukehuset. Dei konkluderte med at målformuleringa for nærsjukehuset har vore uklart, pilotprosjektet har fått for dårleg oppfølgjing, kommunikasjonen med aktuelle samarbeidspartnarar har vore dårlege, ansvarstilhøva har vore uklare og medarbeidarane har blitt for lite inkluderte i prosessen.

– Det er altså ei rekkje høve som gjer at Brustad burde sjå nærare på denne saka. Sjølv om nærsjukehuset skulle få halde fram med poliklinisk og dagkirurgisk verksemd så vert no så mange funksjonar lagt ned ,at nærsjukehuset ikkje lenger kan halde fram slik intensjonane var, seier Ludvigsen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**