Dei frammøtte medlemene stilte spørsmål og diskuterte med begge partane, og Venstres bystyregruppe vil nå bruke desse to presentasjonane aktivt i dei vidare vurderingane. For Venstre er det viktig å finne miljøvennlege løysingar, gode offentleg tilgjengelege friareal, samanhengande gang- og sykkelsti gjennom området, badeplass, trygge leikeområde og gode løysingar for å redusere både svevstøv og støy frå gjennomgangstrafikken forbi Barbu. Noe av dette er ein del av den planlagte utbygginga, noe må ordnast i kommuendelplanen i tillegg til diskusjonen om dei framlagte utbyggingsplanane.
I møtet var det ei felles haldning om at utbyggingsplanane er blitt langt betre enn dei første planane.
Kittelsbukt
Gruppemøtet støtta bystyregrupaps positive haldningar til utbyggingsplanar for Kittelsbukt.
Badeland
At badelandsplanane ved Harebakken nå blir skrinlagt er det også glede over. Venstre vil arbeide for skikkeleg opprusting av Rånakanalen, og for at Tamburodden/Eidet blir bustadområde “til evig tid”.
Budsjettet
Gruppemøtet diskuterte også fleirtalets budsjettforslag for 2008 og handlingsplanen for 2009, og støtta fellesforlsaget mellom Arbeidarpartiet, Kristeleg folkeparti, Venstre og Senterpartiet. Venstres
representantar tok med seg noen få tilleggsmoment inn i møte med dei tre andre nemnte partia seinare i kveld, og også der var det stor semje både om forslaget og noen små justeringar av forslaget. Venstre er godt nøgd med at Stuenes og Roligheden skoler blir rehabiliterte tidlegare enn opprinneleg planlagt, håpar det kan finanst ei løysing for barnehageutbygginga i Myra i samarbeid med gode krefter, og er glad for at heile fleirtalet støttar opp om både kulturhusmillionen, auka støtte til festivalar, kommunale kulturarrangement – og til Friluftsrådet Sør.
Heiltid/deltid
Vidare var det godord til administrasjonen utfrå rapporten om oppfølging av prosjektet heiltid/deltid, eit prosjekt Venstre i si tid tok initiativet til i forrige bystyreperiode.
Innvandrarrådet
Venstres bystyregruppe vil foreslå at dei valte innvandrarrepresentantane i innvandrarrådet blir sittande i to år, og at denne tida blir brukt mellom anna til å finen fram til meir representative måtar å velje representantane på. det er viktig for Venstre, som har leia arbediet med flyktningeplanen, å kome raskt i gang med innvandrarrådet. Og det er viktig for oss å bruke den første tida til å finne fram til best mogleg valordning for medlemene. Torild Sullivan (Arbeidarpartiet) og Irene Henriksen Aune (Høgre) er bystyrets representantar i innvandrarrådet, med Jan Kløvstad (Venstre) og Linda Skjulestad (Høgre) som varamedlemer.
Psykatriplanen
Administrasjonen har gjort godt arbeid med oppdatering av psykiatriplanen, og Venstre vil nå arbeide med forslag til oppfølging av planen. Bo Wærenskjold vil formulere forslag til Venstres gruppe.
Neste Venstremøte er årsmøtet 7. januar. I mellomtida møter Anne Soslvik og Jan Kløvstad i komitemøte og bystyremøte 6. desember og 13. desember. Minst ein av dei møter i driftsstyremøtet 12. desember. Jan Kløvstad møter også i valnemnda, som skal finne arbeidsvillige folk til 17 verv og foreslå kandidatar til desse verva for bystyremøtet 13. desember.