Venstre vil ha trygge skolevegar

Vi tar ansvar for skolevegane. Arendals Tidende 1. desember skriv om den veldig nyttige oversikten NAF Aust-Agder har laga om farlege skolevegar. Eg fekk denne rapporten frå NAF 28. august, og tok kontakt med administrasjonen i kommunen. Administrasjonen svarte at det blir arbeidd med å skaffe seg oversyn over farlege skolevegar, og vil kome tilbake med forslag til prioriteringsliste. I samband med forrige prioriteringsliste foreslo Venstre å løfte fram strekningen Færvik-Hove på førsteplass, men blei ståande aleine om dette.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

E18 Haslestad

Foto: Jan Kløvstad

Nå ventar vi at spaden kjem i jorda straks for Harebakken-Myra, som eit samla bystyre har vedtatt for lengst. Vidare står Kilsund-Vatnebu på førsteplassen, og så kjem det straks forslag frå administrasjonen om vidare viktig arbeid med å sikre skolevegar.

Leiar Christian Sibbern i Arendal kommunale foreldreutvalg meiner vi folkevalte sit med hendene i fanget utan å reagere. Det har ikkje Venstre gjort.

NAF Aust-Agder fortener stor takk for initiativet sitt, og Venstre vil gjerne samarbeide med det kommunale foreldreutvalet for å få fortgang i å sikre skolevegane for ungane våre.

Jan Kløvstad
leiar i Arendal Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**