Venstre vil ha tomgangskøyringsforbod også i Arendal

Johnny Hermansen, Kolbjørnsvik, foreslår i eit lesarinnlegg i Agderposten 30. november å innføre forbod mot å la motoren gå på tomgang i sentrum. Hermansen viser til Sverige, der det står skilt om slikt forbod kvar gong vi kryssar ei kommunegrense.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Anne Solsvik og Jan Kløvstad i Thinkbil 2 (elbil)

Foto: Åsmund Aqissiaq Kløvstad

I Sverige er det som regel berre tillatt å la motoren gå på tomgang eitt minutt i sør, som Hermansen skriv. I Nord-Sverige med kaldare vintrar er det lovleg å la motoren gå i to minutt.

Arendal kommunes miljø- og energiplan skal fornyast kvart år, etter at Venstre fekk fleirtalet for slik oppdatering i bystyrebehandlinga i vår. Neste gong planen skal oppdaterast, vil Venstre følge forslaget frå Johnny Hermansen, med grunnlag i trafikkreglane § 16 og Vegtrafikklovens § 3. Og vi vil stille fleire andre forslag også.

I mellomtida ventar vi på el-bilen vi har bestilt hos Think,og vil arbeide for ladestasjonar i Arendal, helst innandørs i parkeringshusa.

Jan Kløvstad
gruppeleiar

Kopi av dette innlegget er sendt miljørådgjevar Robert Svendsen i Arendal kommune

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**