Regjeringa gjer i statsbudsjettet framlegg om skattesmell for småkraftverka.
Som støtte for framlegget har det komme lettvinte utsegn som: "Småkraftverk må jo betala skatt som andre bedrifter". Sanninga er at småkraftverka allereie vert skattlagde som andre verksemder. Framlegget no er at dei skal skattleggast meir enn andre.
Kraftverk betalar i dag vanleg bedriftsskatt av overskot, slik som andre verksemder. I tillegg betalar dei store kraftverka såkalla grunnrenteskatt. Denne er grunngjeven med at ein viktig del av resultatet skriv seg frå omfattande bruk av nasjonale naturresursar, og ikkje berre frå god drift. Småkraftverka, som typisk ikkje nyttar reguleringsmagasin, har hittil vore fritekne for denne ekstraskatten. Den øvre grensa for kva som er småkraftverk har vore sett til 5000kVA. Denne grensa har vore ein medviten politikk for å stimulera til meir fornybar energi, men på ein meir beskjeden og meir miljøvenleg måte.
Lønsemda i slike utbyggingar har vorte kalkulert på bakgrunn av mellom anna den skatteordninga som har vore. Difor er mange småkraftverk dimensjonerte til i underkant av 5000kVA, sjølv om det forretningsmessig mest lønnsame hadde vore å byggja større. Dette har vore heilt i tråd med rådande politikk.
Når regjeringa no, etter at investeringane er gjort, gjer framlegg om å pålegga også desse kraftverka å betala grunnrenteskatt, kan det vanskeleg kallast anna enn eit bakholdsangrep.
Det må vera eit mål at ny energiproduksjon skal skje på ein mest muleg miljøvenleg måte og vera basert på fornybare resursar. Når regjeringa no vil leggja full skatt på småkraftverka, vil resultatet sjølvsagt verta enten ingen utbygging, eller større kraftverk.
Når ein samstundes veit at miljøverndepartementet i desse dagar sit og vurderer om gasskraftverket på Kårstø skal sleppa å betala for CO2-utsleppa, så vert summen ein svært merkeleg klima- og resurspolitikk.
Atle Winjum, leiar
Sogn og Fjordane Venstre