Medlemsmøte

Tirsdag 27. november hadde Sund Venstre medlemsmøte heime hos kommunestyrerepresentanen.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Temaet for møtet var i hovedsak budsjettet til Sund Kommune for 2008.
Dei som var på møtet var Elizabeth, Ronald, Robert og Birger.

* Kan vi unngå å innføra eigedomsskatt?
* Kva er det foreslått kutt i?
* Kva kan vi foreslå som kutt for å unngå eigedomsskatt?

Noko av det vi la merke til og reagerte ekstra på var blandt anna stenging av symjehallen for eit år, innsparing på transport tenesta og på heimehjelpstenesta.

Vi diskuterte mange ulike tankar rundt både eigedomsskatt, mulige innsparingsmetodar, og ikkje minst korleis ein kunne enda opp med ein differanse på 29,1 mill.

Bruk av fondsmidlar var eit gjennomgåande tema for mange av diskusjonane.
Infrastrukturutbygging var nemd som ei veldig positiv sak det siste året.

Dagens ideer: Piggdekkavgift :o) og rein luft avgift for dei som kjem til kommunen :o)

Tirsdag 4. desember er det fellesmøte med KRF, H og SP med budsjettet som tema. Her vil i allefall Ronald møte, og vil diskutere litt med dei andre i koalisjonen rundt kva ein kan gjera med budsjettet.

Ronald møter på neste kommunestyremøte, da Elizabeth er ute å reiser.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**