– redusere forureininga
– ha Arendal som klimanøytral by
– få vekk bilkøane inn til sentrum om morgonen og ut av sentrum om ettermiddagen
– ha forprosjekt for å sjå om gratis buss 0730-0930 og 1500-1700 kan vere ei god løysing
– ha hyppigare frekvens på bybussane og Eydehavn-Grimstad
– søke statleg støtt for forprosjekt i 2008
– søke staleg støtte for forsøksprosjekt i 2009
– framleis følge med i gratisbussforsøket i Tórshavn på Færøyane.
Venstre vil også arbeide med fjordbussforsøk, og Venstres gruppeleiar har bestilt Think el-bil for levering våren 2008.
Venstres forslag har i løpet av dagen fått solid støtte i NRK radio og fjernsyn frå Naturvernforbundet i Aust-Agder og ordførar Torill Rolstad Larsen, – og sterk motstand frå Fremskrittspartiets Arne Austenå.
Innslaget i NRK Sørlandet kan du sjå her. Innslaget kjem som nr. 3 av kveldens innslag.