Venstreinterpellasjon om forsøk med gratis buss

Interpellasjon frå Anne Solsvik og Jan Kløvstad, Venstre

Interpellasjon:
Vil ordføraren ta initiativ til å ei kraftig endring av heile kollektivtrafikken i Arendal, for å løyse miljøproblem, køproblem og gjere bussane meir miljøvennlege?

Grunngjeving for interellasjonen og noen forslag til stikkord for eit forprosjekt følgjer her:

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Anne Solsvik og Jan Kløvstad i bystyret

Foto: Arild Borg

Venstre foreslår ei forsøksordning med fjordbuss, og har fått gjennomslag for det i samarbeidsplattformen fleirtallspartia har vedtatt. Vi har ikkje bestemt nøyaktig når ei forsøksordning skal starte opp, men ser gjerne at det skjer så fort som mogleg.

Venstre vil også lansere enda fleire forsøksordningar for både å få trafikken til å gli lettare, og særleg spare miljøet for unødvendige utslepp.

Vi vil forsøke gratis buss på dei hardast belasta strekningane. Den største trafikken har vi mellom Krøgenes og Barbudalen, Harebakken og sentrum/Barbudalen og Strømmen-sentrum. Utfordringa er å få mest mogleg av biltrafikken på desse strekningane over til buss og sykkel. For strekningane Krøgenes-sentrum og Strømmen-sentrum kan også fjordbuss vere eit alternativ, og på strekningen Stoa-sentrum kan det nye togstoppet på Stoa få noen til å ta toget til jernbanestasjonen eller etter kvart heilt til Barbu.

Tórshavn på Færøyane har eit interessant forsøksprosjekt gåande nå, med GRATIS bybuss frå 1. januar 2007. Dei første månadane blei passasjertalet fordobla, og etter eit halvt år hadde passasjertalet stabilisert seg på 20-30% over gjennomsnittsnivået frå før det var gratis buss. Nå vil Tórshavn utvide ordninga med å kjøpe fleire bussar slik at det skal gå bussar tre gongar i timen mot to nå.

Venstre har mange spørsmål:

– Kan Arendal lære noe både av Tórshavn og av alle dei gode forbetringane i Kristiansand dei siste åra?

– Kan vi tenke gratis buss i 2009 Nedenes-Krøgenes (evnt. heile strekningen Grimstad-Eydehavn?

– Kan vi stimulere til innkjøp/leige av bussar med miljøvennleg drivstoff når det høgst sannsynleg blir behov for fleire bussar?

– Kan vi få effektiv og god parkering på for eksempel Krøgenes, Nedenes og kanskje også Stølen?

– Kan vi ta ein grundig gjennomgang av alt som skal til for å gjere sykkel meir attraktiv størst mogleg delar av året på dei same strekningane, – i tillegg til alt vi alt har gjort for syklistar?

– Kan vi få sette ned ei utgreiingsgruppe med folk frå Nettbuss, Aust-Agder fylkeskommune, GRID og gjerne også fleire fagmiljø?
– Venstre på Stortinget har foreslått 200 millionar kroner til klimakommunar i 2008 og auke til 300 millionar i 2009. Foreløpig har Kristeleg fokeparti og Høgre slutta seg til forslaget, og det er håp om at eitt eller fleire av regjeringspartia også kan bli med. Det kan gi sjansar for eit grundig forsprosjekt i 2008 og 2009 som eit forsøksår.

– Kan vi få med oss fylkeskommunen, GRID-miljøet, Transportøkonomisk institutt og andre fagmiljø til dette arbeidet?

Vil ordføraren ta initiativ til at vi kan få ei fagleg vurdering av Venstres forslag om ei slik forsøksordning?

Jan Kløvstad
bystyremedlem
Arendal Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**