Martin Varden og klimaet

Martin Varden, Tvedestrand, har eit lengre innlegg i Agderposten fredag. Varden argumenterer mot det aller meste av det FNs klimapanel og det enorme fleirtalet av forskarane i verda har forska seg seriøst fram til. Eg har sans for tvil. Men å forsøke å bagatellisere forskinga — og realitetane — slik Varden gjer, er like framtidsretta som å hevde at jorda er flat. Jorda ser jo flat ut frå der eg står. Men eg må altså respektere at all forsking og erfaring dei siste mange hundre åra har konkludert med at jorda er rund.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

klimakampanjelogo

Foto: k

Klimaendringane er alvorlege. Mange menneske i nord og sør merkar problema. La oss gjere det vi kan for å løyse problema. Ikkje bruk kreftene på forvirring og fantasi.

Jan Kløvstad
leiar i Arendal Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**