Venstre med to representantar i driftstyret

I dag torsdag 22. november blir det skrive historie i driftsstyret/formannskapet i Arendal bystyre. Venstre stiller med to medlemer med stemmerett. Anne Tørå Solsvik er valt som fast driftsstyremedlem, og Jan Kløvstad er første varamedlem for alle fem representantane frå Arbeidarpartiet, Kristeleg folkeparti, Venstre og Senterpartiet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Senterpartiets Kristen Bjormyr har meldt forfall, og da stiller Venstre med 2 av dei 9 medlemene i driftsstyret.

Dagen startar med befaring med planutvalet i sentrum, Flosta og på Tromøya, møte i planutvalet frå ca kl 1300 og i driftsstyret frå ca kl 1500.

Venstre gjekk kraftig fram til 5,4% i kommunevalet og gjorde det beste valet i Arendal på fleire tiår. Tørå Solsvik og Kløvstad blei valte som bystyremedlemer med Dega Abdi Aman og Lars Thoresen som varamedlemer.

Anne Solsvik og Jan Kløvstad i bystyret

Foto: Arild Borg

På bildet er Anne Tørå Solsvik og Jan Kløvstad fotografert av Arbeidarpartiets Arild Borg i bystyremøtet 15. november.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**