17 Venstremedlemer med kommunale verv

I bystyrets møte i går, 15. november, blei 17 Venstremedlemer valt til kommunale arbeidsoppgåver. dei to bystyrerepresentantane Anne Tørå Solsvik og Jan Kløvstad legg stor vekt på å spreie arbeidsoppgåvene slik at mange kan ta del i kommunalt styre og stell.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Lista over Venstres verv er identisk med forslaga frå valnemnda i bystyret, slik den er presentert tidlegare her på heimesida vår.

Marianne Fløistad

Foto: Arendal Venstre

På bildet Marianne Fløistad, som er blitt medlem av forstanderskapet i Arendal og omegn sparekasse og varamedlem til representantskapet i Agder renovasjon. Marianne Fløistad er nærmare presentert under politikere.

Venstre har programfesta å spreie verv og arbeidsoppgåver, og bryte med prinsippet om såkalla “gjennomgåande representasjon”, og vi ser nå at også Arbeidarpartiet og Kristeleg folkeparti ser verdien av Venstres arbeid med å få flest mogleg engasjert i samfunnsbyggande arbeid på vegner av bystyret.

Men ingen av dei andre partia er i nærleiken av å ha 9 gongar så mange engasjerte i verv som partiet har bystyremedlemer!

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**