Prosjektmidlar friviljuge organisasjonar ei oppgåve for kommunen?
Det er ei rad med støtteordningar frå fylke og stat til ulike tiltak innan idrett, barne- og ungdomsarbeid og anna friviljug arbeid. Det er ei stor utfordring for det friviljuge organisasjonslivet å skaffe seg oversyn over dei støtteordningane som finst. Ofte vil dette vera eit arbeid som rett og slett er for stort og omfattande til å bli gjort på friviljug basis i tillegg til den ordinære lags- og idrettsaktiviteten.
Slike støtteordningar er oppretta fordi sentrale styresmakter ynskjer å styre utvikling og aktivitet.
Venstre trur det er dei same utfordringane for det friviljuge organisasjonslivet i andre kommunar i dalen.
Venstre ynskjer å få vurdert behovet for ei prosjektsøkjarstilling som skal hjelpe lag og organisasjonar både til å finne prosjektmidlar og til å forme søknader og deretter rapportere for gjennomførte prosjekt.
Gol Venstre reiser denne problemstillinga i kommunestyret tysdag i form av ein interpellasjon til ordføraren. Vi ynskjer svar på korleis ordføraren stiller seg eit spørsmål om å arbeide for å få til ei prosjektsøkjarstilling, anten mellom enkeltkommunar eller som ein funksjon knytt til sekretariatet til regionrådet.
Gol 14.11.07
Hallvor Lilleslett
Gruppeleiar Gol Venstre