E18 – Venstre vil sette spaden i jorda i 2013

Ordfører,
Venstre vil sette spaden i jorda i 2013 og køyre på ny E18 i 2016.
.
Vi vil bygge ein veg som held mål også i 2040.

Vi vil tenke både ny E18 og mest mogleg kollektivtrafikk samtidig.

Venstre vil først og fremst redde liv, sa gruppeleiar Jan Kløvstad på vegne av Arendal venstre i bystyremøtet torsdag 15. november.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Til nå i år har det vore 5 dødsulykker på E18 mellom Arendal og Tvedestrand. 6 liv har gått tapt.

E18 Haslestad

Foto: Jan Kløvstad

(Bildet er frå Haslestad) Til samanlikning har det berre vore ei einaste dødsulykke på den nye E18 gjennom Nordre Vestfold sidan vegen der åpna i 2000. Den eine ulykka var fyllekøyring. På den gamle vegen forbi Holmestrand var det i gjennomsnitt 6 dødsulykker i året. Etter 2000 har det ikkje vore ei einaste dødsulykke der.

Det såkalte "null-konseptet" med utbetring av dagens trasé er umogleg. Derfor må Arendal lynraskt kome med forslag til trasear gjennom Arendal kommune. Venstre vil finne traséforslag som er lengst mogleg vekk frå skolebarn og dei 96 avkjørslene på dagens E18. Vi ber også om at det blir arbeidd raskt med trygging av den farlege E18 vi har nå, – med forbikøyringslommer ved dei farlegaste avkøyringane, nedsett fartsgrense fleire strekningar og aktiv skilting. Midtdeler skulle vi også gjerne sett her, men innser at det nok er temmeleg vanskeleg på så smal veg.

Venstre vil bidra alt vi kan for rask avklaring av trasé og vegdimensjoner. Venstre står som kjent fast på at vi godtar eigenfinansiering både før og etter kommuneval og stortingsval, i 1999, i 2001, i 2003, i 2005 og også nå i 2007. Å protestere mot eigenfinansiering er det same som å nekte oss ny trygg og miljøvennleg ny veg. Vi har råd til desse bompengane for å gi ungane våre ei tryggare framtid.

Samarbeidsgruppa for konseptuvalgsutredninga Langangen-Grimstad har neste møte 27. november. Dette bystyremøtet må sende ordførar og rådmann til det møtet med eit så klart mandat at Arendal kommune plasserer seg i førarsetet for det vidare arbeidet.

Mandatet må vere:
1. Arendal bystyre vil redde liv.
2. Arendal bystyre vil arbeide lynraskt med traséalternativ.
3. Arendal bystyre vil tenke miljø og kollektivtrafikk samtidig som vi har lynrask handling for ny E18.
4. Arendal bystyre godtar at vi som bruker vegen mykje betalar litt meir for det enn dei som ikkje brukar vegen.

Venstre støttar fleirtallsforslaget frå driftsstyret. La oss samle oss om målet: Ny trygg og miljøvennleg veg med midtskiller, ein veg der vi har eit realistisk håp om at ikkje eit einaste liv går tapt.

I eit seinare innleggavviste Jan Kløvstad påstandar frå Pensjonistpartiets Kåre G. Knutsen om at det er dei fattigaste som blir ramma hardast av bompengar. Jan Kløvstad viste til ein rapport frå Transportøkonomisk institutt (rapport nr 815) som går lant i å vise det motsette.

I ein replikk til Framstegspartiets Anders Kylland som anklaga alle for å endre meining og stemme for bompengar etter valet, viste Jan Kløvstad til FrPs byråd Peter N. Myhre i Oslo, som gjekk sterkt mot bompengar før valet, og som heva bomepngane rundt Oslo frå 20 til 30 kr 16. september, – berre 6 dagar etter valet.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**