David mot Goliat

Ein utbyggar kan legge mykje pengar i planlegging og presentasjon og la prosjektet (leigetakarar og kjøparar av hotell, hus, leiligheiter, næringsareal osb) betale rekninga. Men dei som blir berørte av ei utbygging, kva kan dei gjere? Kan dei konkurrere på same planeten? I Arendal Venstre har vi ofte sett med uro på dei mange kampar mellom David og Goliat, skriv gruppeleiar Jan Kløvstad. Det er ofte ei trøyst at David har meir kraft enn det kan sjå ut som.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Barbu - hus

Foto: Arendal Venstre

Den kvalifiserte offentlege samtalen
Reguleringsplanen gir ofte premissane for den offentlege samtalen. Det kostar pengar å lage ein reguleringsplan. Noen gongar er den offentlege samtalen ein kamp, ein kamp der noen med rette eller urette føler seg overkøyrte alt frå første initiativ. For kva kan dei stille opp med? I Barbu (bilda) ser Barbu Vel behovet for å kunne engasjere fagfolk i arbeid med ein alternativ plan. Velforeninga samla inn 30 000 kr for å få skisser og presentasjonar. Men nå er det ikkje meir pengar igjen. Barbu Vel har ingen som kan finansiere planleggingskostnadane ved husleige etterpå. Korleis kan dei som bur på Tamburodden finansiere ein alternativ plan som kan hamle opp med ein utbyggingsplan med kjøpesenter og badeland for 500 millionar kroner? Korleis kan Nidelva Padleklubb hamle opp med løfte om pengar og veg frå dei som vil bygge ut Kilandsfalla?

Vi har heldigvis eit offentleg apparat med dyktige fagfolk som har plikt og rett til å vurdere alle utbyggingsspørsmål frå alle vinklar. Plan- og bygningsloven har klare retningslinjer, offentlege prosessar og fristar for kommentarar og anker. Vi har høyringsinstansar både innanfor det offentlege apparatet og frivillige organisasjonar. Vel-foreningar og andre kan uttale seg. Og i ytterste fall har vi rettsapparatet.

Barbu - i aust

Foto: Arendal Venstre

Frå nei, nei til alternativ
Det er ganske lett å rope nei, nei — eller ja, ja. Og dei ropa høyrer vi ofte. Men korleis kan dei som vil snakke meir nyansert, dei som vil kome med realistiske og gjennomarbeidde alternativ nå fram? Ein likeverdig posisjon for utbyggarar og dei berørte vil styrke kvaliteten i arbeidet vesentleg. Eg trur det kan styrke kvaliteten i arbeidet på begge sider av eventuelle interessekonfliktar.

Eg vil be driftstyret/planutvalet i Arendal kommune ta ein grundig diskusjon om dette temaet, og invitere med seg Arendal Bys Vel og noen av dei aktuelle utbyggarane i Arendal akkurat nå til eit konstruktivt møte for å styrke kvaliteten i den offentlege samtalen om utbyggingsplanar og alternative planar.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**