Venstre i samarbeidsutvalga for skolene

Under valgnemndas møte 8. november blei Lars Thoresen valt som medlem i samarbeidsutvalget for Nedenes skole, og Jon Ramsvatn som varamedlem til samarbeidsutvalget på Roligheden skole. Heile 17 skolar får representant og varamedlem oppnemnt av bystyret. Samarbeidsutvalga er dei øvste organa på kvar skole, og for Venstre er det viktig å ha arbeidsvillige kompetente folk som kan vere gode bindeledd mellom skolane og bystyret

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Venstre fekk som arbeidsoppgåve å finne ein arbeidsvillig medlem og ein varamedlem, og i samarbeid med dei andre partia fall valet på Lars Thoresen (bildet) og Jon Ramsvatn.

Lars Thoresen er Venstres tredjekandidat

Foto: Venstre

Lars Thoresen er for tida i FN-styrkane i Afghanistan, og er heime nå. I dag har han møtt som Venstres observatør i komiten for kultur, miljø og næring. Jon Ramsvatn driv Bjellandstrand gård saman med kona Unni, og er engasjert i utviklinga av Tromøya.

I forrige periode var Edith Fahre ein aktiv varamedlem i samarbeidsutvalget på Hisøy skole. I den komande tida har Edith mykje ekstra undervisning og arbeid ved sjukehuset i Arendal, og ho har derfor blitt innvilga litt politisk pausetid foreløpig.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**