Sosialistisk Venstreparti får bystyrefleirtalets plass i Friluftsrådet

Sosialistisk venstreparti blei ikkje med i fleirtalskonsetllasjonen i Arendals bystyre etter valget, etter å ha gått tilbake frå 6 til 3 representantar. Partiet har også valt å halde seg utanfor samarbeidet med dei andre opposisjonspartia, og kunne derfor risikere å stå igjen med veldig få arbeidsoppgåver i den komande fireårsperioden. For Venstre er det viktig at alle partia er med i styringa av kommunen

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


I valnemndas møte 8. november gjekk heile nemdna inn for at SVs

Rune Sævre

Foto: Jan Kløvstad

Rune Sævre (bildet) skal bli ein av Arendals to representantar i Friluftsrådet, med partifellen Karen Landmark som varamedlem. Den andre representanten blir Høgres Linda Skjulestad.

Hayette Mahmoud

Foto: Jan Kløvstad

Hayette Mahmoud (bildet) frå SV blir medlem av samarbeidsutvalet ved Moltemyr skole.

Valnemnda foreslår også for bystyret at kommuneplanutvalet blir utvida frå 9 til 11 medlemer, slik at både SV og Penjonistpartiet får plass i dette viktige uvalet, melder www.venstre.no/austagder/arendal. Rune Sævre blir medlem og Karen Landmark varamedlem i kommuneplanutvalet, som Arbeidarpartiets Robert C. Nordli skal leie.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**