Arendal Venstre om badeland

Arendal Venstre har diskutert Ole G. Otterslands planar om å utvide kjøpesenteret på Harebakken og bygge eit badeland på Tamburodden i forlenginga av kjøpesenteret, melder www.venstre.no. Bystyregruppa har hatt åpent møte med Venstremedlemene, og i tillegg drøfta spørsmålet både med folk som bur på Tamburodden og aktive samfunnsbyggarar

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


under Frivillighetsdagen i Arendal kulturhus 3. november.

Anne Solsvik og Jan Kløvstad 8

Foto: Åsmund Aqissiaq Kløvstad

Nå ventar bystyregruppa på den formelle saksbehandlinga i ulike organ i bystyret.

Haldninga vår er at vi gjerne ser eit badeland i Arendal, men da plassert slik at det ikkje er nødvendig å ekspropriere bustadhus. Vi trur Myra/Bråstad, med spillvarme frå kunstisbanen og ein mogleg framtidig ishall pluss aktiv bruk på dagtid av skoleelevar er ein betre måte å plassere badeland på. Vi er også interessert i å sjå eit klimabudsjett for eit badeland.

Venstre ser absolutt at eit badeland tett inntil E18 vil vere ein magnet som kan få folk til å stoppe i Arendal, og vi ser ønska frå dei mange barnefamiliane som vil fryde seg i eit badeland. Men mange av dei som bur på Tamburodden har sagt klart nei til å selje heimane sine. Ekspropriasjon av privat eigedom er noe Venstre berre kan godta når det handlar om absolutt nødvendige fellesgoder og dei aller sterkaste felles samfunnsinteresser. Vi kan ikkje sjå at eit badeland er viktig nok for samfunnet til at eit badeland kan rettferdiggjere ekspropriasjon.

Om dei som bur på Tamburodden gjerne vil selje, vil Venstre vurdere badelandsdelen av den planen vi foreløpig berre kjenner frå media.

Kjøpesenterutviding
Når det gjeld ønsket om kraftig utviding av kjøpesenteret, er vi skeptiske også til det. Venstre vil styrke Arendal bysentrum, og vi vil sjå planar utanfor bysentrum i samanhang med vedtaka om kjøpesenterstopp utanfor bykjernene.

Konklusjonen vår er stor skepsis, og så ser vi fram til den formelle behandlinga. Alle som kjem med nye idear skal ha rett til å få dei prøvd og vurdert i demokratiske organ.

Anne Solsvik og Jan Kløvstad
bystyremedlemer for Arendal Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**