TABBEKVOTEN ER OPPBRUKT

Lesarinnlegg frå Rolf Nesheim 28.10

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Statsråd Sylvia Brustad må no skjere gjennom. Handsaminga Nærsjukehuset i Florø fekk i styret Helse Førde sist fredag — førebudd av styreleiar Clara Øberg-, må verte det siste eksempelet på at Helse Førde ikkje vil vedkjenne seg Florø nærsjukehus.

Inkompetent leiarskap skapar aldri samhald. Er det noko Sogn og Fjordane no treng så er det samhald og målretta arbeid til beste for pasientane og fylket. Om ikkje styret no tek til vit må statsråden ta ansvaret som ligg til ho og syte for at det blir sett saman eit styre som er i stand til å etterleve politiske vedtak og gjere den jobben dei er sett til utan stadige og ressursøydande omkampar.

Eit Nærsjukehus som handsamar den stadig veksande gruppa kronikarar i ein sengepost som er tilpassa oppgåvene, må vere det beste for pasienten og for økonomien i Helse Førde.

Den store saka i styremøte er faktisk punkt 1 i vedtaket som legg opp til store driftsendringar i Helse Førde, særleg då pasientbehandlinga ved Førde sentralsjukehus. Ut frå tidlegare erfaringar trur vi ikkje administrerande direktør kan løyse denne oppgåva, og vi trur heller ikkje styre vil setje makt bak vedtaket sitt. Svaret vert lett aukande mangel på pengar og rasering av tilbod.

Difor vart Nærsjukehuset tema — her er dei samde. Handlinga her forsterkar inkompetansen. Jubel for handlekraft får dei hos dei som i realiteten styrer Helse Førde. Men neglisjering av det både noverande og den førre regjeringa har gjort vedtak om, og gått til val på, er visst greitt.

Helse Vest må i denne samanheng ikkje la seg vill-leie av dårlege informantar. Helse Vest må no seie klårt frå at Nærsjukehuset i Florø er eit viktig framtidig tilbod til våre kronikarar og eit viktig tilbod økonomisk sett for innbyggjarane i Helse Vest.

Spelet som styreleiar og administrerande direktør sette i verk frå onsdag i møte med fylkeskommunen og vertskommunane, til avsluttande seremoni i styremøte fredag og oppfølging i media, kunne innbyggjarane i Sogn og Fjordane vore forutan. Det skal mindre til for å skremme både pasientar og medarbeidarar vekk frå fylket vårt med dei økonomiske konsekvensar det får for helsetilbodet i fylket.

Rolf Nesheim
Fylkestingsrepresentant for Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**