Harald Lindvik, Liv Henjum og Siv Langøen Rotevatn takkar av

Valet er over, og tre av fylkestingsrepresentantane til Sogn og Fjordane Venstre takkar av frå fylkespolitikken.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Dei har alle tre gjort eit stort og godt arbeid i fylkestinget den siste perioden, og det er med takksemd partiet no takkar dei av.
Rolf Nesheim var den einaste av forrige fylkestingsgruppe som tok attval, og han vart vald inn i det nye fylkestinget.

Liv Henjum

Foto: Valavis 2005

Særleg vemodig er det at dei to nestorane i partiet, Harald Lindvik og Liv Henjum no takkar for seg i fylkespolitikken. Begge to har vore med i fylkestinget i to omgangar, og har difor lang erfaring i den fylkeskommunale politikken. At begge har vore store stemmesankarar for partiet er ikkje å ta for hardt i. Ved kommunevalet i 1995 fekk Liv og Vågsøy Venstre reint fleirtall i kommunestyret og Liv var ordførar i den perioden.

Harald Lindvik

Foto: Valavis 2005

Harald har og synt gong på gong at han har vore ein populær politikarar ved å sanka ei mengd stemmer til partiet. Til dømes fekk han og Sogn og Fjordane Venstre 52,1 % av stemmene i Flora i 1995. Det er det ikkje mange andre som har klart.
Truleg har veljarane sett at Harald har vore genuint interessert i fylkespolitikken, og at han heile tida har hatt eit stort engasjement for fylket vårt. Han har vore ein person som er god til å lytta på det folk har og sei, og han har aldri gløymt ombudsrolla ein har som folkevald.

Det er noko som heiter at det er ikkje lett å hoppa etter Wirkola. Det er store fotspor den nye fylkestingsgruppa skal fylla. Det er godt at det er tre dyktige representantar som no tek over stafettpinnen. Marit Barsnes Krogsæter er vårt nye medlem i fylkesutvalet og i Hovudutval for Samferdsle, Klaus Iversen er medlem i Hovudutval for Plan og Næring og Rolf Nesheim er medlem i Hovudutval for Kultur

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**