Venstre har forventningar til rådmannens budsjettforslag 6. november

6. november kl 1000 legg rådmann Harald Danielsen fram forslaget sitt til årsbudsjett for 2008 og økonomiplan for dei komande fire åra. Eit årsbusjett i Arendal kommune handlar om 1,6 milliardar kroner. Sunn drift i fleire år har skapt eit solid driftsfond på drygt 160 millionar kroner, og også på inveesteringssida er det bygd opp reserver. Men utsiktene for dei komande åra er ikkje så lyse, og da er dei nemnte reservene gode å ha.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Rådmann Harald Danielsen

Foto: Jan Kløvstad

– Venstre ventar seg mykje av budsjettet. Vi ventar at rådmannen (bildet) legg fram eit forslag til ein plan for å spare inn 100 millionar kroner på ein mest mogleg skånsom måte. Han har tidlegare antyda å bruke av opparbeidde fondsmidlar og spreie dette over fleire år. Dette er ein klok strategi, seier Venstres gruppeleiar Jan Kløvstad, som reknar med at det endelege bystyrevedtaket om budsjett og økonomiplan vil følgje dei hovudretningslinjene som rådmannen legg fram tysdag kl 1000

Miljø
Vi ventar elles at det er ei klar prioritering av miljø, der målsettinga vår om ein klimanøytral by står sterkt. Satsinga på FN-byen må halde fram og bli styrka, og det må ligge klare føringar til alle tilsette i kommunen om å tenke og handle miljø i alle samanhengar.

Kultur
Vi ventar fortsatt satsing på ein levande kulturby året rundt, med det frivillige kultur- og fritidslivet godt prioritert, styrking av Bomuldsfabriken, Hovefestivalen, Canal Street, Arendal kulturhus og både Internasjonalt marked og festivalen Vi over 60.

Oppvekst og omsorg
Vi ventar nye tiltak for oppvekst og omsorg. For Venstre er innhaldet i barnehagane, skolane og omsorgstilbodet det viktigaste. Venstre vil heller satse på viadreutdanning av lærarane enn å utvide skoledagen og berre satse på skolebygningane. Visst er det framleis skolebygg som treng rehabilitering, og det er sterkt behov for fleirbrukshall på Asdal. Aller størst er behovet for å utvikle medarbeidarane våre til å gå enda meir laus på dei viktigaste oppgåvene: ta oss av både dei som treng ekstra hjelp og dei som stiller i barnehage og skole med solid ballast heimanfrå. Dei flinkaste skal få stimulans, og dei som ikkje har hatt ein så heldig start i livet skal få både hjelp og stimulans. Det er eit faktum at Arendal har store sosiale problem. Statistikkar frå Statistisk Sentralbyrå og arbeidskvardagen for sosialtenesten, barnehagar, skolar og politi fortel oss at dei folkevalte har eit stort ansvar i å skaffe fram pengar OG FOLK til å ta fatt i utfordirngane før utfordringane er blitt problem.

Aktiv innsats for ny E18 og regionbygging
Det er nok ikkje naturleg å legge inn synlege pengar for regionbygging av aktiv insnats for ny E18, men rådmannen vil få solid støtte frå Venstre i alle forslag om å sette av folk og pengar til å abeide aktivt med lokal og regional samfunnsbygging og utgreiingsarbeid for ny E18 mellom Tvedestrand og Arendal.

[b]Budsjettprosessen
Dei folkevalte i Arendal får ei travel tid fram mot budsjettvedtaket i bystyret. I Venstre skal vi både gå grundig gjennom budsjettforlsaget i partiet, vere åpen for alle idear frå veljarane våre, og bli samde med Arbeidarpartiet, Kristeleg folkeparti og Senterparti om eit samla budsjett. Vi går inn i prosessen med sikte på å ta ansvar også for upopulære tiltak som vil vere nødvendige for å sikre sunn økonomi framover. Målet vårt er å gjere Arednal stadig meir sosial, stadig meir åpen og inkluderande og stadig meir miljøvennleg.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**