Frykteleg trist

Det seier Gro Skartveit om at Jan Gunnar Mattingsdal frå KrF meiner at det er synd å leva i homofilt samliv. Det var nettopp slike haldningar som gjorde at Gro Skartveit i si tid melde seg ut av KrF.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Gro Skartveit

Foto: Frode Kleppe

Ho er difor ikkje overraska over at desse haldningane no kjem fram igjen. På spørsmål om ho vert såra over slike haldningar svarar ho Stavanger Aftenblad slik:

– Klart eg gjer det! Dette gjeld einskildmenneske. Dei kan gjera det til sak så mykje dei vil, men det er mitt liv og mi tru. Ikkje får eg leva som eg vil. Men det tyngste skytset er at dei tek frå meg Gud.

Gro Skartveit blir fortvila over at spørsmål om homofilt samliv og giftarmål vert kopla saman med pedofili og polygami. Ho opplever haldningane som krenkande og peikar på at dette gjeld einskild menneske. Difor vert ho frykteleg trist over slike haldningar.

Les meir her >>

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**