Av Jan Kløvstad, bystyremedlem for Arendal Venstre
E18 mellom Tvedestrand og Arendal er ein flaskehals og går gjennom bebygde område. Mellom Stølen i Arendal og Rømyr i Tvedestrand har Venstre talt 96 gardsvegar og andre avkøyringar, halvparten av dei til eikvar tid på "gal side" av vegen. Det er to barneskolar, to barnehagar, to kyrkjer, ein vidaregåande skole, mange landbrukseigedomar med E-18 som uunngåeleg arbeidsveg for traktor. Og det manglar gang- og sykkelveg mellom Lillevåje i Arendal og Goderstad i Tvedestrand. Det er heller ikkje midtdelar.
Berre Arendal-Tvedestrand og strekninga Dørdal-Rugtvedt i Bamble manglar vedtatt trasé og finansiering. Elles er kvar einaste meter mellom Oslo og Kristiansand nå anten nybygd eller planlagt og finansiert.
Trygg veg er viktig for oss lokalt. Trygg veg er viktig for å berge liv. Å få god standard heile denne strekninga er enormt viktig både for næringslivet i Vestfold, Telemark og Aust-Agder og for Kristiansand havn og Nord-Jylland. Godstransporten over Kristiansand-Hirtshals er viktig, og langt meir miljøvennleg og trafikksikker enn om også områda vest for Oslo skal sende all Europaeksporten på lang omveg gjennom Østfold og Sør-Sverige. Sjølvsagt er gods på jernbane det sikraste, men vi må dessverre innsjå at det er transport på veg det meste handlar om gjennom Aust-Agder i dag. Vogntoga går tidvis i samanhengande kø gjennom boligområda.
Vi må derfor finne løysingar som held lokaltrafikken og langtrafikken bort frå kvarandre, løysingar som gir sjåførar trygg køyring og oss som bur i området eit tryggare liv
Klare ord
Rådmannen i Arendal har lagt fram eit solid dokument der han i uvanleg klare ord ber dei folkevalte
– godta vesentleg lokal finansiering, altså bompengar i ei eller anna form, frå den dag vegen er ferdig bygd
– arbeide sterkt for byggestart 2013 og ferdig veg 2016
– flytte innkrevingspunktet mellom Grimstad og Lillesand til Arendal når levetida til bommen i vest er ute 2016
– arbeide tett saman med "Aksjon betre stamveg på Sørlandet" for å få gruppa til å prioritere E-18 Tvedestrand-Arendal, og få med seg både Telemark fylkeskommune, Grenlandskommunane og Agderkommunane aust for Arendal for å få på plass den nødvendige statlege prioriteringa av E-18 Grimstad Langangen.
– kreve klarsignal frå Samferdselsdepartementet til å starte planlegging av E-18 Arendal-Tvedestrand etter Plan- og bygningsloven våren 2008.
– invitere alle med interesser i ein trafikksikker og effektiv E-18 inn i arbeidet, så som NHO, Arendal næringsforening (som har nå styrevedtak på at lokal finansiering av E-18 østover er akseptert), Trygg Trafikk, lokale velforeningar, m.v.
– sørge for at nødvendige vedtak om trasé for ny E-18 skjer utan unødig opphald når planarbeidet har nådd fram til løysinger som tilfredsstiller målsettingane om sikker
og effektiv veg samtidig som tilknytningane til Tvedestrand, Åmli-Vegårshei og ny hamn på
Eydehavn blir ivaretatt.
Venstres tilleggsforslag
I tillegg til rådmannens råd vil Arendal Venstre også peike på kor viktig samanhengande standard på E-18 er for næringslivet i Kristiansand og Nord-Jylland, og be om at både Agderrådet, Kristiansand kommune og Nord-Jyllands amt er aktive samarbeidspartar. Vidare er det viktig at nåverande E-18 blir gjort så trygg som mogleg mens vi ventar i 9 år på den nye vegen. Derfor må gang- og sykkelveg Lillevåje-Goderstad, enkle midtsperrer (for eksempel som forsøksprosjektet vest for Kristiansand) på delar av strekninga og noen lommer for å gjere av- og påkøyring gjennom Austre Moland vere ein del av totalprosjektet. Dette arbeidet må igangsettast same dag som finansiering er vedtatt, eventuell ved forskottering lokalt/regionalt.
Gi ordførar og rådmann ryggdekking
Driftsstyret og i neste omgang bystyret må gi ordførar og rådmann denne ryggdekkinga. Det kan gi den livsnødvendige fortgang i arbeidet. Nå må alle legge vekk kjepphestar og lettvinne frieri. Venstre meiner rådmannen har heilt rett når han også skriv: " Uten vedtak av denne karakter, vil det etter rådmannens oppfatning ikke være mulig verken for ordføreren eller andre å fronte E-18 arbeidet på en offensiv måte."
Nå må alle folkevalte i Arendal samle seg om realitetane og ha eit einaste mål:
Trygg, miljøvennleg og effektiv E-18.