– Eit litteraturens hus i Stavanger er min visjon. Sånn som dei har fått til i Oslo. Ein stad kor litteratur blir formidla; presentasjon av forfattarar og opplesing. Bokkafe og bokhandel. Ein møteplass for folk som likar å lesa, seier Jarle Braut til Stavanger Aftenblad.
Braut peikar på at løyvingane til kultur bør bli større, og at eit framtidig litteraturhus ikkje må gå utover løyvingane til annan kultur. Vidare meiner han det er naturleg at dei prosjekta som er komne lengst må fullførast før nye prosjekt får løyvingar.
Jarle Braut er foreslått som leiar av Hovedutval for Regional og kultur i det nye fylkestinget. Han peikar på at det er mange utfordringar innan miljø og naturvern som det må arbeidast med i dei kommande fire åra. Mellom anna vil det vera viktig å finna løysingar på konflikter mellom natur- og landsskapsvern og utbygging av vindmøller.
Les meir her >>