Det første spadetaket for ny E-18 er realistisk i 2013 om alle partar nå innser realitetane om vesentleg lokal finansiering. Vedtaka må gjerast straks, for også å sikre nåverande E-1 best mogleg mens vi ventar.
Vi i Arendal Venstre viser til at Venstre stod aleine om å godta bompengefinansiering i valkampen i 2003 og aleine i valkampen i 2005. Nå håpar vi at vi får alle parti med oss. Det har vore arbeidd med denne vegstrekninga i meir enn 40 år – utan å godta bompengefinansiering. Nå er det på tide at alle tar ansvar for å redde liv, og slutte med lettvinnne nei til bompengar/eigenfinansiering.
Andre saker i driftstyremøtet er å gå tilbake til det gamle trafikkmønsteret i tunnelen mellom Torvet og jernbanestasjonen, ein søknad frå Bowling 1 om skjenkeløyve, frukt og grønt til alle elevar i grunnskolen i Arendal, økonomirapport ved 2. tertial, igangsetting av arbeidet med ny kommunedelplan for idrett og frikuftsliv (nå også med tillegg for kulturlokaler), etablering av aksjeselskap for vidare utvikling på industriområda på Eydehavn og noen prosjektrapportar.
Sosialtenesten ber driftsstyret seie nei til skjenking på Bowling 1, mens politiet ikkje har merknadar. Vi vil vurdere søknaden utfrå vurderingar av ungdomsmiljøet i sentrum og råd frå fagfolk.
For å sjå på sakspapira, gå til www.arendal.kommune.no, vidare til politiske saker og åpne Driftsstyret 25. oktober.
Jan Kløvstad
gruppeleiar