Taktikkeri kan kosta dyrt!

Det er lov å vera taktisk” er Terje Søviknes (FrP) sitert på i BA 18.10. Dei skriv vidare at han har vanskar med å “ikke smile hele veien til Radøy. Dette skriv fylkesleiar Sølvi Merete Mangerøy i eit innlegg.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Eg tenkjer smilet er breidast når han ser at vegen brettar seg ut brei og nyttig for næringsliv og innbyggjarar heile vegen til Os. Eit bomprosjekt Søviknes og FrP stemde for! Ein ser gjerne meir nytte av det når ein kjenner kor skoen trykkjer? Han er sitert vidare; “Høyre hadde nok ikke regnet med dette utfallet. Men vi så etterhvert at vi kunne styre det alene. Dette er en av de bedre variantene på Fylkestinget, sjelden får vi overraskelser av en slik dimensjon”. Ein underleg måte å omtala samarbeidspartnarar på, meiner eg.

Venstre meiner dette er eit trist utfall for norhordlandsregionen. Ingen er vel glad i bompengar, men her kan kostnadene ved ikkje å ha bom verta høgare enn om ein hadde innført det. Med det meiner eg at ein her har neglisjert og ikkje teke signala frå næringslivet i regionen. Eit næringsliv me er nøydd å ivareta for å kunna oppretthalda eit godt tenestetilbod for innbyggarane. Å sikra trygge arbeidsplassar, nyetableringar, tilflytting og skatteinntekter. Å sikra betre vegstandard er også viktig for innbyggjarane i regionen, både bilistar og mjuke trafikantar.

I verste fall kan dette bety at regionen går glipp av 223 millionar kroner i statlege vegløyvingar. Desse pengane var knytt til eit “ja” til Nordhordlanspakken Fase 1, og ligg inne i Nasjonal Transportplan. No ligg eit stort arbeid lokalt for å sikra at ein ivaretek nytteprinsippet og kan få ein eventuell revidert søknad til behandling i fylkestinget før vinteren.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**