Mykje vett og forstand i det eg sjølv ikkje forstår

“Enkel er loven
for antipati:
hvad man ikke forstår
kan man ikke ku li`”

skreiv salige danske Piet Hein.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**

Bomuldsfabriken i Arendal

Foto: Arendal Venstre

Eg har budd i fleire land, og eg har møtt folk og språk eg ikkje har forstått. Ganske raskt har eg lært meg at det kan vere mykje vett og forstand også i det eg sjølv ikkje forstår. Når eg les og høyrer kva Fremskrittspartiets Arne Austenå skriv om kultur, kunst og Bomuldsfabriken, undrar det meg at han ikkje er meir nysgjerrig. Eg undrar meg over at han ikkje gleder seg over at noen andre har sett, har skapt og har glede av også andre ting enn han sjølv har glede av.

Der alle tenker likt, blir det veldig lite tenking. Venstre vil arbeide i og for eit samfunn der det er rom for å vere forskjellig, der det er rom for å tenke nytt og skape nytt.

Bomuldsfabriken er eit slikt laboratorium, der nye tanker og uttrykk blir skapt eller vist fram. Derfor vil Arendal Venstre støtte opp om Bomuldsfabriken og alle andre kreative miljø i kommunen som gjer samfunnet vårt spennande, nyskapande, kort sagt rikare.

Jan Kløvstad, leiar i Arendal Venstre

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**