Anne Solsvik på første bystyremøtet sitt.
Venstres to bystyremedlemer fekk også plass i to av bystyrets tre komitear, ved at Anne Solsvik går inn i oppvekstkomiteen og Jan Kløvstad i omsorgskomiteen. Jan Kløvstad er gruppeleiar for Venstre og også medlem i bystyrets valkomite. Dega Abdi Aman er første varamedlem både til bystyret og dei to komiteane for oppvekst og omsorg.
2. varamedlem Lars Thoresen blei valt som varamedlem i arbeidsmiljøutvalet, 3. varamedlem Sanjin Salahovic varamedlem i kontrollutvalet og Anne Marit Tørå blir medlem i klageutvalet.