Alvorlege tankar etter kommunevalet

Men mange undrar seg sikkert over kva slags politisk lapskaus det blir, når raudt og grønt og gult og mørke blått blir blanda saman i ei smørje.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Som kommunepolitikar, og slik sett potensielt involvert og delaktig i dei politiske prosessane som utspelar seg i kjølvatnet av kommunevalet, burde eg kanskje ikkje uttale meg om kva som ofte skjer når alle tenkjelege og utenkjelege politiske kabalar blir lagt, som begripelege eller ubegripelege resultat, etter at veljarane har røysta på dei parti og personar som dei meiner er best eigna til å ha det politiske ansvaret for kommunen på vegne av folket i dei neste fire åra.

Eller kanskje ein nettopp derfor burde ha meiningar om dette. Slik tenkjer eg i alle fall, av omsyn til veljarane, demokratiet og det opne folkestyret, og den mistru og uvisse som lett kan melde seg hjå folk flest i forhold til partipolitikken og politikarane sitt truverde.

At parti som ideologisk og politisk sett stend relativt nær kvarandre, finn fram til valtekniske og/eller politiske samarbeidformer som i størst mogleg grad speglar valresultatet, kan vera greitt nok, når det er nødvendig for å kome fram til eit styringsdyktig alternativ. Men når parti frå nær sagt heile den politiske fargeskalaen, og følgjeleg med svært ulike ideologiske og politiske grunnsyn, klamrar seg saman på ei såkalla «felles politisk plattform» (som vil tippe hit og dit, og kanskje kantre når brottsjøane tek tak), som resultat av at dei har snakka saman, fører dette i mange tilfelle til at skiljelinene mellom partia blir utvaska, og verre enn det, at ein held veljarane for narr. Dette er med på ei ytterlegare styrking av rekrutteringa til «heimesitjarpartiet».

Ved val må veljarane bruke bare ei valliste og ikkje ein heil bukett av vallister i mange fargevalørar frå ulike parti. Enda verre blir dette når motivet for denne prosessen er å få ordføraren og flest mogleg «maktposisjonar» vekk i frå kandidatar og parti som kvar for seg har fått langt fleire av veljarane sine røyster, og som derfor var sterkt ønskja blant fleirtalet av folket til å leie kommunen.

Dette er politisk maktarroganse og respektløyse for veljarane som folkevalde burde halde seg for gode til. Dersom dei parti og personar dette gjeld ikkje har evne og vilje til å sjå at dette er ei avsporing frå det opne folkestyret sine demokratiske spelereglar og eit alvorleg trugsmål mot framtidas valoppslutning, stend det dårleg til med det ålmenne og politiske klarsynet.

Eg skal ikkje her nemne døme på parti og kommunar der dette har gått føre seg etter haustens val. Men mange undrar seg sikkert over kva slags politisk lapskaus det blir, når raudt og grønt og gult og mørke blått blir blanda saman i ei smørje.

Denne uheldige utviklinga talar i stadig sterkare grad for at folket må få høve til å velgje ordføraren direkte, slik at ein ikkje endar opp med at kommunane si øvste politiske leiing er ein person med ein liten del av veljarane bak seg. Ved direkte val av ordførar har i alle fall veljarane handa på rattet når det gjeld å få ein politisk situasjon som er meir i tråd med det demokratiske fleirtalsprinsippet.

Dette er avgjerande for å hindre at «heimesitjarpartiet» til slutt skal ta over den gjøymde styringsmakta i mange av kommunane våre…

Innlegget står også i Kommunal Rapport her.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**