Sterkt Venstreval i Sandøy! Takk for tilliten!

Med 19,15% av stemmene og ein framgang på 8,2% fra 2003, doblar vi representasjonen vår i kommunestyret fra 2 til 4 mandatar

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**


Med ein framøteprosent på 69,46 kjem Sandøy kommune langt opp på landsstatistikken, noko som kan tyde på stort engasjement for å få ei politisk endring i kommunen.
Arbeiderpartiet hadde ein framgang på 19,3% og fekk 6 mandat, medan Høgre gjekk tilbake med 19% og fekk mandattalet sitt redusert frå 10 til 6. Dermed fekk Venstre med sine 4 ei nøkkelrolle ved ordførarvalet.
FRP stilte liste for første gong og kom inn med 1 representant, KRF fekk 2.

Berre Høgre og AP hadde lanserte ordførarkandidatar, og ei samla venstregruppe støtta Arbeiderpartikandidaten som ordførar. Forige periode hadde Høgre 10 av 19 representantar i kommunestyret, og har hatt ordførar i to periodar. No går han inn som varaordførar.

Paul Edmund Steinshamn, som stod på tiande og sisteplass på lista vår, vart den tredje beste av stemmesankarane i kommunen, etter dei to ordførarkandidatane frå Arbeiderpartiet og Høgre.
Dei tre andre kommunestyrerepresentantane fra Sandøy Venstre vart Elisabeth Marøy, Jorun Skjelten og Eva Kristin Fjørtof, med Gunnar Ervik og Per Einar Birkelund på dei to første varaplassane.
Eva Kristin vart friteken som fast medlem på det konstituerande kommunestyremøtet 24. september ettersom ho er tilsett som einingsleiar for undervisningstenester/rektor ved Harøy skule. Dermed vert Gunnar Ervik fast medlem av kommunestyret så lenge ho er i denne stillinga.

**OBS! Denne artikkelen ble første gang publisert for 17 år siden.**