Av Jan Kløvstad, leiar i Arendal Venstre
Venstre vil styrke både Bomuldsfabriken og biblioteket
Kultur
Ordførarkandidat Arne Austenå sa (og viste med klart fingarspråk) i folkemøtet veka før valet at han vil gi null til kultur. På Grand Scene kvelden før sa bystyremedlem Anders Kylland at kulturhuset har altfor mykje saksofon og klassisk musikk. FrP vil selje Bomuldsfabriken. Venstre meiner eit rikt kulturliv i Arendal er ei god investering for å gjere livet i byen rikare, og for å trekke til oss fleire folk. Vi vil styrke kulturskolen, ha meir saksofon, meir klassisk musikk og vi vil både støtte og styrke Bomuldsfabriken.
Ein åpen og inkluderande by
Arne Austenå sa i same debatt at byen ikkje treng fleire folk, og i alle tilfelle berre “dei som kommer hit på naturlig vis”. Fylkesordførarkandidat Ingrid Skårmo sa i LO-debatt på fylkeshuset at FrP ikkje vil ha fleire ikkje-vestlege innvandrarar. Framstegspartiet i Arendal stemte samla mot flyktningeplanen, som tar sikte på effektiv og god integrering av innvandrere i byen. Venstre leia arbeidet med flyktningeplanen. Venstre meiner Arendal treng både innvandring og annan innflytting. Både dei som må flykte frå krig og fattigdom, og dei som kjem for å arbeide i GRID, Gard, Saigon Marked, sjukehuset og reingjeringsbransjen skal vere hjarteleg velkomne. Det samfunnet som vinn kampen om innvandrarane og dei unge kvinnene, vinn også framtida.
E-18 og bompengar
Arendal og Aust-Agder Fremskrittsparti går sterkt og prinsippielt mot alle former for bompengar, mens Oslo FrP ved samferdselsbyråd Peter N. Myhre økte bompengene i Oslo med 50%. Men det var ei veke ETTER valet… Venstre seier ikkje nei, nei, nei til bompengar, men JA til å redde liv. I Venstre vil vi derfor godta bompengar eller annan innkreving, fordi det ser ut til å vere einaste realistiske sjanse til å få ein ny og trygg E-18 mellom Tvedestrand og Arendal.
Miljø
På fylkesårsmøtet i FrP i vinter var bensinprisen det viktigaste i miljødebatten, om vi skal tru at avisene refererte fylkesformannen rett. Mens FrP lokalt forsøker å så tvil om FNs klimapanel, har vi kjøpt el-bil. For Venstre er kampen for miljøet kampen for ei framtid også for barnebarn og oldebarn.
Barna først
FrP vil ta sjansen på å svekke Stall Siring og tilbodet til over 300 barn og unge som har glede av hest, ved å forsøke å presse gjennom skytebane like ved. Arendal Venstre vil både ta vare på barna og hestemiljøet OG bygge eller samarbeide om ein stor regional skytebane med plass til langt fleire skyttarar enn Snøreismyr kan romme. Dette viktige skyteanlegget må vere i trygg avstand til aktivitet som kan bli forstyrra av skytinga.
Lokaldemokratiet
Mens FrP ropar på staten og i følge nestleiar og Tønsberg-ordførar Per Arne Olsen (i intervju i Aftenposten) vil fjerne 75% av alle oppgåver frå kommunane, har Venstre tru på at den enkelte borgar og dei gode lokalsamfunna sjølv kan finne dei beste løysingane for sine nærmiljø. Folk bur ikkje i staten, folk flest bur heime hos seg sjølv.
Og så hender det at det dukkar opp enkeltsaker der vi kan ha same standpunkt. Da skal vi gjerne samarbeide med både FrP og andre parti. Men avstanden mellom FrP og Venstre i viktige prinsippielle spørsmål også i Arendal er altfor stor til at vi kan gå inn i eit forpliktande langsiktig samarbeid,